Folkehelseundersøkinga: kommunikasjonsarbeid
Ei vel gjennomført folkehelseundersøking avheng av eit godt kommunikasjonsarbeid! Vestland fylkeskommune inviterer difor til informasjonsmøte om korleis kommunane kan bruke kommunikasjonspakken til Folkehelseundersøkinga 2026.
Folkehelseundersøkinga er intet unntak; vi treng at flest mogleg inviterte innbyggarar i Vestland svarar! Undersøkinga får større verdi og nytt for kvar kommune dess høgare svarprosent ein oppgår. Difor er vi avhengig av eit godt kommunikasjonsarbeid i kvar enkelt kommune i tilleg til fylkeskommunen sine kommunikasjonsflater.
Vestland fylkeskommune er i gong med å produsere ein kommunikasjonspakke med materiell og ein felles publiseringsplan til kommunane. Datainnsamlinga går frå 16.april - 7.mai 2026 og det er i denne perioden at kommunikasjonsarbeidet skal føregå.
På informasjonsmøtet går vi gjennom kommunkasjonsmateriell og publiseringsplan for kommnunikasjonsarbeidet under datainnsamlinga.
Målgruppa informasjonsmøtet er tilsette som arbeider med kommunikasjon og/eller folkehelserådgjevarar.