Informasjonsmøte om Kreativt Europa i Vestland

Jobbar du med kunst og kultur i Vestland? Då er du invitert til informasjonsmøte om EU-programmet Kreativt Europa i Førde 4. juni. Møtet blir strøyma, og påmelde får tilsendt lenke før møtet. Det blir også høve til individuelle rettleiingsmøte i Førde og i Bergen i etterkant av informasjonsmøtet.

Vestland fylkeskommune inviterer til møtet saman med Kulturdirektoratet og Kreativt Europa, som er EU-programmet for kulturelt samarbeid. Det er ope for eit bredt spekter av kulturaktørar innan ulike sjangrar.

Målgrupper for møtet

Dette informasjonsmøtet er for kultursektoren utanom det som gjeld film og spel. Norsk Filminstitutt som er ansvarleg for denne delen av programmet og kan kontaktast for nærare informasjon.

Kva går møtet ut på?

Det blir informasjon om kva som må til for å søkje og få støtte frå Kreativt Europa, erfaringsdeling frå eksisterande prosjekt og informasjon om kva fylkeskommunen kan bidra med.

Kreativt Europa gir norske kulturaktørar støtte til samarbeid, kunnskapsutveksling, nettverksbygging og kompetanseheving, gjennom aktivitetar som til dømes utveksling av aktørar og produksjonar på tvers av landegrenser, felles produksjonar, utforsking av nye forretningsmodeller og utvikling av digitale løysningar. Eitt av måla er å skape betre vilkår for profesjonelle kunstnarar.

Program for informasjonsmøtet 4. juni

Kl. 09.30: Kaffe, frukt og småprat
Kl. 10.00: Velkommen ved Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune
Kl. 10.10: Sogn og Fjordane kunstmuseum fortel om museet og om internasjonalt samarbeid
Kl. 10.30: Kreativt Europa ved kulturdesken i Kreativt Europa kulturdesk/ Kulturdirektoratet: Per Dehlin og Kristin Bolgård

  • Samarbeidsprosjekt
  • Reisestøtte for kunstnarar og kunstnargrupper
  • Andre ordningar
  • Erfaringsdeling frå eit Kreativt Europa prosjekt

Kl. 12.00: Lunsj
Kl. 13.00: Erfaringsdeling held fram 
Kl. 13.30: Kva kan Vestland fylkeskommune bidra med?
Kl. 14.00: Spørsmål til Kreativt Europa-desken og fylkeskommunen gjennom mingling (intervju og mini-rettleiing)
Kl. 15.00: Takk for i dag

Individuelle rettleiingsmøte

Det er lagt opp til individuelle rettleiingsmøte for potensielle søkjarar som har konkrete ambisjonar om å gå i gang med søknadsprosessen. Det blir rettleiingsmøte i Storehagen i Førde 5. juni og i Vestlandshuset i Bergen 6. juni.

Dersom organisasjonen din ønskjer slikt møte, melder du frå om det i påmeldingsskjemaet til informasjonsmøtet 4. juni. Dei som ikkje får plass, får tilbod om digitalt møte/rettleiing over Teams.

Kva er Kreativt Europa?

Hovudformålet er å styrke kulturelt samarbeid og mangfald i Europa, for å bidra til å løyse felles europeiske problemstillingar og utfordringar. Å styrke ein felles europeisk identitet, og verne kulturarv, språk og kulturelt mangfald er viktige element i programmet.

Noreg deltek i Kreativt Europa på lik linje med medlemslanda i EU og andre programland i EU sine naboregionar. Til saman deltek ca. 40 land.