Inviterer til dialogkonferanse om bruvedlikehald

Vestland fylkeskommune ønsker innspel på korleis ein kan gjennomføre prosjektet for bruvedlikehald og installasjon av katodisk beskyttelse på Herdlesundet bru på best mogleg måte.

Bru over sjø. Bustadar på ein øy.
Herdlesundet bru. Foto: Vestland fylkeskommune.

Gjennomføring av dialogkonferansen

Vestland fylkeskommune held eit digitalt møte med informasjon om prosjektet og kva dei ønsker å oppnå med dialogkonferansen. Dialogen vert følgt opp med 1:1 samtalar med aktuelle leverandørar frå målgruppa. Desse samtalane kan gjennomførast ved fysisk oppmøte eller digitalt etter leverandøren sitt ønske.

Vi ønsker å finne metoden som gjev best mogleg resultat med tanke på forholdet mellom kvalitet, praktisk gjennomføring og pris. Innspela tek vi også med oss til nytte for liknande prosjekt i framtida.

Avdeling Infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for vedlikehald av om lag 2000 bruer i Vestland. 

Felles for mange av bruene i Vestland fylke er at det ikkje eksisterer alternativ omkøyringsveg. Dette kan gjere det krevjande å utføre vedlikehaldsarbeid på bruene  samstundes som vegen og brua vert haldt open for køyretøy og mjuke trafikantar.

Kva ønsker vi svar på i dialogen?

  • Kva meiner markedet er dei største utfordringane knytta til katodisk beskyttelse av betongbruer og kva løysingar kan ein eventuelt nytte i slike høve?
  • Kva alternative løysingar er aktuelle for Herdlesundet bru?
  • Korleis kan vi løyse dei trafikkmessige utfordringane?
  • Kva er behovet for vegstenging ved dei ulike løysingane?
  • Kva informasjon treng leverandørar ved utlysing av konkurransen?
  • Korleis kan vi legge til rette for at leverandør er best mogleg førebudd når dei leverer tilbod?
  • Korleis skal Vestland fylkeskommune utforme tildelingskriteria for at leverandør skal kunne svare godt på dei i tilbodet sitt?
  • Vestland fylkeskommune planlegg å nytte seg av tre tildelingskriteria: 
  1. Pris
  2. Gjennomføringsevne: beskrivelse av korleis det er tenkt å løyse oppgaven, inkl. framdriftsplan.
  3. Kva tiltak vil ha størst klimagevinst? (gjeld både førebuingsfase, utførelsefase og bruksfase, restlevetid/framtidig vedlikehaldsbehov).

Målgrupper

  • Leverandørar som har erfaring i installasjon av katodisk beskyttelse
  • Leverandørar som har erfaring med prosjektering av katodisk