Skriv juridisk masteroppgåve hos oss!

Vi har mange relevante og juridiske utfordringar som kan vere interessante tema for masteroppgåva di. Du får skriveplass på Vestlandshuset, stipend og rettleiing. Søk i dag!

to personer sitter i sosial sone
Du får skriveplass blant et godt fagmiljø i stilige Vestlandshuset. Foto: Morten Wanvik/ Vestland fylkeskommune.

Kvifor skal du skrive masteroppgåve hos juridisk seksjon i Vestland fylkeskommune?

Ved å skrive masteroppgåve for oss får du først og fremst et godt juridisk fagmiljø å støtte deg på. Du vil få eiga fadder og rettleiing frå kompetente juristar. Du vil og få mogelegheit til å leggje fram oppgåva di for ei fagleg gruppe.

I tillegg får du skriveplass blant det juridiske fagmiljøet i Vestlandshuset, midt i Bergen sentrum. Dette er heilt nye og moderne lokale. 

Du får vere med på faglege og sosiale arrangement og ikkje minst eit stipend på 30 000 kr. 

Relevante tema å skrive om

  • forvaltningsrett/kommunalrett
  • arbeidsrett
  • plan- og bygningsrett
  • fast eiendoms rettsforhold, medrekna ekspropriasjon
  • rettsreglar knytt til offentleg tenestetilbod (skule, tannhelse o.l.)
  • rettslege vurderingskriterium knytt til menneskerettar, vurdering basert på barnets beste o.l.
  • MVA knytt til offentleg aktivitet, MVA-kompensasjon o.l.
  • EU/EØS-rett (t.d. knytt til offentlege anskaffingar, statstøtteregelverk etc.)
  • statsstøtteregelverk
  • offentlege anskaffingar