– Har du dei rette menneska rundt deg, går det alltid fint

Møt Marek Jakub Czarniecki, prosjektleiar innan eigedom og utbygging på dagtid, isbadar og ekstremsportsutøvar på fritida.

Marek Jakub Czarniecki (43) flytta frå Polen til Noreg  for tolv år sidan, og bur i dag på Askøy. Han har bakgrunn innan bank og finans, men jobba som tømrar dei første fem åra i Noreg. Etter eit treårig studium i leiing på BI og fleire års jobb i Gulen kommune, fann han vegen til fylkeskommunen. No har han vore prosjektleiar i avdelinga eigedom og utbygging i fire år.

– Kva er det beste med jobben?

– Det er eit veldig godt arbeidsmiljø, med mange flinke folk og høg kompetanse. I tillegg er det god takhøgde på avdelinga, og vi prøver alltid å ha det gøy når vi jobbar med prosjekt. At vi har det gøy, samtidig som vi løyser utfordringar og lærer noko nytt, synest eg er det beste med jobben.

Fridom er eit anna stikkord.

– Eg har òg stor fridom til å planlegge arbeidsdagen, og korleis eg skal løyse prosjekta. Det synest eg er ei veldig god tilrettelegging. Det er viktig for meg at eg har fridom, då får du eigarskap til det du jobbar med, og du blir meir engasjert. Det påverkar også meistringskjensla. Du planlegg og løyser, og gjer det du meiner er rett, og får det til. Om det er noko du ikkje greier å løyse sjølv, får du støtte i organisasjonen. Har du dei rette menneska rundt deg, går det alltid fint, svarar Marek.

I utbyggingsseksjonen i avdeling for eigedom og utbygging er det 16 prosjektleiarar, fire fagrådgjevarar og to prosjektsjefar. I alt er dei 23 tilsette, fordelte mellom Bergen og Leikanger.  

– Kva motiverer deg i arbeidskvardagen?

– Det å jobbe med veldig varierte og store og små prosjekt, å stadig møte nye menneske, å lære noko nytt og å ha utviklingsmoglegheiter. Det er svært motiverande for meg.

– Korleis er ein typisk arbeidsdag for deg?

– Det er veldig varierande, og det kan vere ei blanding av telefonsamtalar, skriving, møter og reiser til ulike byggeplassar. Prosjekta er spreidde over heile fylket, frå Måløy til Stord, og det vert ein del reising. Du kan planlegge arbeidsdagen din, men det dukkar alltid opp noko uventa, og då begynner hjartet å slå raskare. Det likar eg.  

Gulebygget i Ulvik – og verdas beste eple

Marek har nyleg avslutta arbeidet med å leie totalrehabiliteringa av «Gulebygget» i Ulvik, som husar Hardanger Produksjonsskule. Den største utfordringa var å tilpasse bygget frå 1950 til dagens standard, og samtidig ta vare på dei viktigaste arkitektoniske kvalitetane.  

– Det var ikkje enkelt. Når du jobbar med restaurering på gamle bygg er det alltid mange overraskingar undervegs. Til dømes avdekka vi omfattande råteskader på taket som gjorde at vi måtte endre på planar. Ei anna utfordring var å finne plass til løfteplattform i bygget utan å øydelegge den gamle sjela. Men vi hadde heile tida god dialog med skulen, og fann ei løysing.  

Det vart mange bilturar til Ulvik under prosjektperioden, ein tur som tok tre timar ein veg.

– Eg likte det godt. Då høyrde eg på podcast og kunne utvikle meg og lære noko nytt.

Og så har Ulvik dei beste epla og pærene eg nokon gong har smakt i heile mitt liv. Eg kjøpte med meg store mengder heim. 

Isbadar seg til godt humør  

mann isbader i turkisblått brevann med snø til alle kanter
ISBADAR: I vinter isbada Marek kvar dag før jobben. No er det litt for varmt til å gjere dette. Han reddar seg med ein kald dusj om morgonen, og finn alltid kaldt vatn på fjellturar, som på dette biletet. (Foto: privat)

 

Marek har drive med mange ulike ekstremsportar, blant anna fallskjerm, basehopping og paragliding. Det var også årsaka til at han valde å flytte til Noreg for tolv år sidan.  

I vinterhalvåret isbadar han kvar dag før han går på jobb.  

– Då får eg den dosen adrenalin eg treng for å vere tilfreds med livet. Når du isbadar skil hjernen ut dopamin. Du får meir energi og handterer stress betre. Du set kroppen din i ein stressituasjon ved å isbade, og etter kvart vert kroppen van med å vere i ein krevjande situasjon. Det har absolutt ein positiv innverknad på deg, som du dreg med deg inn i jobbsamanheng. Eg har prøvd å rekruttere nye isbadarar på avdelinga, og fekk ein kollega med på isbading i ei elv på veg heim frå Ulvik. Han sa det var galskap, men følte seg ti år yngre etterpå.  

Mange nye prosjekt å leie

– Kva prosjekt jobbar du med no?

– No har vi starta eit prosjekt ved Laksevåg vgs., der vi skal vi gjennomføre tilpassingar av eksisterande lokale på skulen, for å plass til fire nye klassar. Dette er eit hasteprosjekt som skal vere ferdig til skulestart i august. Her må vi vere løysingsorienterte og positivt innstilte, og vi skal få det til. Eit godt samarbeid mellom skule og entreprenør er viktig, og vi må vere veldig på. Det vert til dømes mange synfaringar.

Men der er ikkje berre på Laksevåg Marek har tankane for tida.

– Eg har også eit prosjekt ved Olsviksåsen vgs., der vi skal lage eit fint uteområde med uteklasserom, amfi, og universelt utforma skuleløype. Og på Måløy vgs. jobbar vi med detaljregulering av eit område der vi skal bygge ein aquahall, i tillegg til noko utviding av to bygg. På Stord bygger vi heilt ny vgs., der eg er assisterande prosjektleiar.

– Hender det at ting går ting i lås?

– Å ja, det skjer. Når ting er krevjande har eg eit godt lag i ryggen som støttar meg. Eg ser også på utfordringar som nyttig læring.  

– Har du eit godt jobbtips å dele bort?    

– Det er viktig å gå på jobb med godt humør, å ha ei positiv innstilling og fokusere på løysingar i staden for problem. Klarar du det, vert livet enklare.  

– Kva med å isbade kvar morgon?

– Ja, absolutt, hehe. Då kjem du på jobb proppfull av energi og er veldig vaken. Og så anbefaler eg å ta trappene på jobb. Eg rører aldri heisen.