– Eg var godt inkludert allereie før eg var begynt i jobben
Møt Christina Brautaset, fagansvarleg HMS/kvalitetsstyring i eigedomsavdelinga.
Christina har ein lang og allsidig bakgrunn og har jobba i Vestland fylkeskommune sidan februar 2020, like før pandemien braut ut.
– Eg blei godt teken imot i eigedomsavdelinga, og det før eg var offisielt begynt! Eg blei invitert med på julebord og kontormøte før jul saman med avdelinga, så eg følte eg var godt inkludert frå starten. Kollegaene var hyggelege, inkluderande og hjelpsame og hjelpte meg med å komme godt inn i arbeidet og miljøet, fortel ho.
Christina er ikkje i tvil når ho skal trekke frem det beste med arbeidsplassen: kjekke kollegaer, spennande og varierte arbeidsoppgåver, stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
– Og verdien av å vere med og bidra til samfunnsoppdraget vårt. Det kjennest meningsfylt.
Christina har bibliotek- og informasjonsstudiar og hovudfag i kunsthistorie. I tillegg har ho sidan 2007 teke fleire kurs og vidareutdanning i organisasjon og leing, økonomi, HR, IT, prosjektleiing, HMS og kvalitetsstyring. Det har gitt ho ein brei bakgrunn, og ho har mellom annan har jobba som bibliotekar og har hatt ei rekkje jobbar innan olje- og gassnæringa. Så fall valet på å jobbe med noko som kjendest meningsfylt, i ein ny og samanslegen Vestland fylkeskommune.
– Eg er nysgjerrig og ønsker stadig meir påfyll av kunnskap. Det legg Vestland fylkeskommune og eigedomsavdelinga godt til rette for! Og til hausten blir det nytt kurs i Facility Management, sier ho.
Råd og oppfølging
Det er mange oppgåver som følgjer med jobben til Christina:
Ho følgjer opp, gir råd, rettleiing og opplæring innan HMS til dei om lag 280 tilsette i drifts- og vedlikehaldsseksjonen i avdelinga si.
– Så jobbar eg tett opp mot utbyggingsseksjonen med råd og oppfølging av SHA (sikkerheit, helse og arbeidsmiljø) ut frå krav i byggherreforskrifta. Eg har ansvar for kravspesifikasjonen for SHA i byggeprosjekta til eigedomsavdelinga. Eg følger også opp at VLFK sine seriøsitetskrav blir følgde av hovudentreprenørar og underleverandørar i byggeprosjekta.
Ingen dagar er like
Ein vanleg arbeidsdag for Christina finst ikkje.
– Arbeidsdagane er veldig varierte, eg har alltid mange ballar i lufta! Det kan vere ei vernerunde på ein byggeplass, besøk på ein vidaregåande skule for å snakke med driftsleiar eller reinhaldsleiar. Det er faste møte med SHA-koordinatorar og HMS-ansvarlege på byggeprosjekt. Det kan vere møte med dei som gjennomfører kontrollar på byggeplassar. Eg klargjer prosedyrar i kvalitetssystemet, hjelper til med saksbehandling av avvik, hjelpe leiargruppa med risikokartlegging eller deltek i møte i ulike forum. Det er mye å gjere heile tida, og utruleg kjekt og gjevande!