Lønn, pensjon, forsikring og andre gode

Fylkeskommunen er ein trygg og velordna arbeidsplass når det kjem til arbeidstid, lønn, permisjonsordningar og andre gode.

seks personer med pc sitter rundt et bord
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Sommartid og fleksibel arbeidstid

Vil du nyte godt av lange, lyse sommardagar? I fylkesadministrasjonen  har vi arbeidstid kl. 08.00–15.00 frå midten av mai til midten av september, og kl. 08.00–15.45 resten av året. Vi har fleksibel arbeidstid, så om du jobbar litt ekstra ein dag kan du avspasere dette ein annan dag. 

Vi har gode høve for å tilrettelegge om du har behov for det, og vi har avtale med ekstern bedriftshelseteneste.

Delvis heimekontor og treningsrom

Om du vil jobbe heimanfrå ein dag eller to i veka er det rom for det. Fleire av arbeidsstadane våre har treningsrom til fri bruk.

Lønn- og arbeidsvilkår

Vi sikrar lønns- og arbeidsvilkåra dine gjennom tariffoppgjer og lokale forhandlingar.

Det skal vere trygt å jobbe hos oss:

  • Skulle du bli ramma av sjukdom, får du full lønn heile det første året.
  • Ved foreldrepermisjon får du også full lønn ut frå stillingsstorleiken din. Ammar du, har du rett på redusert arbeidstid.

Vår hovudtariffavtale finn du hos KS. 

Forsikring

Som tilsett i Vestland fylkeskommune er du dekka av gruppeliv-, yrkesskade- og fritidsulykkeforsikring.

Pensjon

Ein av dei største fordelane ved å jobbe i det offentlege er dei gode pensjonsordningane. 

Dei svært gode pensjonsordningane våre inkluderer livsvarig alderspensjon, uførepensjon og etterlattepensjon. All medlemstid i offentleg sektor blir lagt saman, og det er den siste pensjonsleverandøren som betalar ut pensjonen. Pensjonen blir rekna ut på bakgrunn av stillingsstorleik og total medlemstid.

Pedagogisk personale har avtalen i Statens pensjonskasse (SPK). Dei andre tilsette hos oss er tilknytte avtalen i Storebrand. Du finn god informasjon om pensjon på spk.no og storebrand.no  

Fagforeiningar

Vestland fylkeskommune er opptatt av eit organisert arbeidsliv. Vi som jobbar her er medlemar i ulike fagforeningar. Fagforeningane er viktige samarbeidspartar for fylkeskommunen når det gjeld utviklingsarbeid og oppfølging.

El-bil og el-sykkel i tenesta

Treng du å kome deg rundt i tenesta? Vi har både el-syklar og el-bilar du kan låne, og har avtale om å leige bil gjennom Hyre i arbeidstida. 

Vi har lagt godt til rette for deg som ønskjer å sykle, jogge eller gå til og frå arbeid, med dusj og garderobar. I Bergen har vi stor innandørs sykkelparkering med plass til 250 syklar og ladeplass for el-sykkelbatteri.