Søk midlar til nordiske prosjektsamarbeid (NORA)
NORA lyser ut støtte til samarbeid mellom dei fire medlemslanda Grønland, Island, Færøyane og kyst-Noreg to gonger i året.
NORA er ein organisasjon som skal vere agendasettande, allianseskapande og prosjektstøttande. Det er høve til å søkje prosjektmidlar frå NORA, med to årlege søknadsfristar. Her finn du informasjon om utlysinga hausten 2025. Søknadsfristen er 6. oktober
NORA har fått ny strategi for perioden 2025–2028.
Mellomstatleg organisasjon
NORA er ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråd sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram. NORA blir finansiert av Nordisk Ministerråd, supplert med eit nasjonalt bidrag frå dei fire deltakarlanda. Vestland fylkeskommune er med i NORA gjennom medlemskapet i Vestlandsrådet.
NORA skal bidra til vekst i regionen mellom anna gjennom å styrke samarbeidet mellom bedrifter og forskings- og utviklingsorganisasjonar på tvers av landegrensene. Hovudlinene i NORA sitt arbeide vert fastsett av komiteen gjennom fleirårige strategiplaner og årlege handlingsprogram.
Prioriterte område i gjeldande strategi er
- forsyningssikkerheit
- kunstig intelligens
- regenerativ turisme
- lokal tiltrekningskraft
- mobilitet og grøn omstilling
- marine næringar og matproduksjon
- eldre som ressurs i lokalsamfunnet (Silver Economy)
Sjå NORA si heimeside: www.nora.fo for meir info om prosjektstøtte og aktivitetar.