Intereg Europe prosjektet P-IRIS
Fylkeskommunen leiar interreg prosjektet P-IRIS der målet er å vidareutvikle ferdigheiter i det å etablere, utvikle og omstille innovasjonsnettverk i distriktssamfunn.
Prosjektet er finansiert gjennom Interreg Europe, starta i januar 2017 og vert avslutta hausten 2022 - prosjektet er forlenga med eit år frå opphavleg plan for å reflektere over erfaringane frå Covid-19 pandemien. Den fulle prosjekttittelen – Policies to improve rural areas’ innovation system by professionalising networking activities and use of innovation tools – fortel kva som er kjernen i prosjektet.
Om prosjektet
Prosjektet vart initiert fordi vi såg at innsikt utvikla for urbane klynger ikkje utan vidare burde overførast til innovasjonsnettverk i distriktssamfunn. Vi såg trong for å vidareutvikle ferdigheiter i det å etablere, utvikle og omstille innovasjonsnettverk. Vi ville også vurdere korleis innovasjonsnettverk i distrikta fekk tilgang til verkemiddel i ulike fasar av ein innovasjonsprosess.
Partnarane kjem frå Burgos i Spania, Mellomste Østerbotten i Finland, Lombardiaregionen i Italia, Kroatia og Slovenia. Vestland fylkeskommune leiar prosjektet.
I prosjektet har vi mellom anna arbeidd med vidareutvikling av ei verktøykasse for leiing av innovasjonsnettverk. Denne er tilgjengeleg på www.innotool.no.
I Noreg har vi arbeidd spesielt opp mot det nasjonale klyngeprogrammet og katapultprogrammet for å utvikle samarbeid mellom innovasjonsnettverk i distriktssamfunn og etablerte klynger og katapultar.