Søk Erasmus+ vaksenopplæring via fylkeskommunen

Via fylkeskommunen kan skular, kommunar og andre organisasjonar som arbeider med vaksne si læring (formell og ikkje-formell) søke om midlar til kompetanseheving, styrke ferdigheiter og kvalifikasjonar, og utveksle erfaringar med kollegaer i Europa.

Fylkeskommunen er akkreditert gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og kan sende ein felles Erasmus+-søknad på vegne av eit konsortium, dvs. vaksenopplæringssektoren i Vestland. Deltakarar i konsortiet kan søke om midlar via fylkeskommunen gjennom heile programperioden 2021–27. 

Det betyr at du kan søkje om midlar til kompetanseheving, styrke ferdigheiter og kvalifikasjonar, og utveksle erfaringar med kollegaer i Europa.   

Kven kan søke?

Alle som jobbar formelt med vaksne sin læring kan søkje, søknadar knytt til Vestland fylkeskommune sine målsettingar for læringsopphaldet vil bli prioritert.

De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift for følgande aktivitetar:

  • Hospitering/reiser til europeisk samarbeidsorganisasjon
  • Delta på kurs eller konferansar i Europa
  • Invitere ekspert til Noreg

Fylkeskommunens målsettingar som gjeld for læringsopphaldet

  • Styra pedagogisk kompetanse gjennom mangfaldsleiing og mangfaldskompetanse i vaksenopplæringa.
  • Styrke regional og lokal samarbeidskompetanse innan vaksenopplæringa.
  • Få kompetanse om nye og tilpassa undervisningsmetodar som støttar opplæringa i grunnleggande ferdigheiter i alle fag i vaksenopplæringa.
  • Auka fleksibilitet i vaksenopplæringa.

Kriterium for å få innvilga søknad

  • Du må representere ein opplæringsorganisasjon som er aktiv innan vaksenopplæring .
  • Minst to personar og maks fire personar per opphald, inntil to personar frå kvar eining/ organisasjon/ skule. (for inviterte ekspertar, maks 2 personar per opphald) .
  • Det er ikkje mål om at så mange som mogleg skal reise, men at dei som reiser skal ta med seg kunnskap og kompetanse tilbake og dele med eigen organisasjon og andre samarbeidspartar.
  • Nye søkarar og prosjekt vil bli prioritert.  
  • Organisasjonen må skrive under på eit Erasmus+mandat, og godkjenne og følgje felles retningslinjer i «Erasmus Quality Standards».  

Land du kan reise til

Dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor du vil reise på søknadstidspunktet.  

Slik søkjer du

Fylkeskommunen sender inn ein fellessøknad som de kan delta i. For å bli med sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke søknadsskjema.

Søknadsfrist 5. februar 2025. 

Kontaktpersonar:

Erasmus+ er verdas største utdannings- og opplæringsprogram, og gjer det mogleg å søke om midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar som bidreg til kvalitet og utvikling i opplæringssektoren gjennom europeisk samarbeid.

Erasmus+ støttar mobilitet (utveksling) og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet; barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.

Sentrale satsingsområde er kvalitet i undervisning og opplæring, inkludering, digitalisering, innovasjon og kopling mellom utdanning og arbeidsliv.

Du kan lese meir om Erasmus+, og dei ulike aktivitetane ein kan søke midlar til på HK-dir. 

Vestland fylkeskommune har søkt og fått innvilga «Erasmus+ Akkreditering» innan vaksenopplæring i perioden 2021-27.

Akkrediteringa betyr at fylkeskommunen koordinerer, og lyser ut midlar til internasjonale mobilitetsprosjekt innan vaksenopplæring (formell og ikkje formell); vidaregåande skular, kommunar, frivillige organisasjonar og andre.

Fylkeskommunen deltek i Erasmus+programmet for å bidra til å auke kvaliteten i opplæringa og styrke kompetanse til dei tilsette.

I akkreditering for vaksenopplæring er hovudtema kompetanseheving for tilsette, mangfaldsleiing, integrering, og kvalifisering av innvandrarar til auka deltaking på arbeidsmarknaden.

Det blir gitt tilsegn etter faste EU-satsar, som blir rekna ut etter kva det er søkt om.


Mobilitet

  • Korte reiser/hospitering: Land
    Finansiering per person, per dag ved reiser til:
    Gruppe 1: Denmark, Luxembourg, United Kingdom, Iceland, Sweden, Ireland, Finland, Liechtenstein - 180 Euro
    Gruppe 2: Netherlands, Austria, Belgium, France, Germany, Italy, Spain, Cyprus, Greece, Malta, Portugal -160 Euro
    Gruppe 3: Slovenia, Estonia, Latvia, Croatia, Slovakia, Czech Republic, Lithuania, Turkey, Hungary, Poland, Romania, Bulgaria, Rep. of North Macedonia, Serbia – 140 Euro
  • Kurs-/konferanseavgift
    Det blir gitt 80 Euro per deltakar per dag
  • Ekspert til Noreg
    Ein ekspert frå Europa kan kome til Vestland/din kommune og halde kurs/seminar/ha innlegg på konferansar. Finansiering etter «Gruppe 1».
  • Reiseutgifter:Per person frå Norego.m. Nord-Italia
    275 Euro tur/retur. Til Sør-Europa 360 Euro tur/retur

Alle organisasjonar som søker om midlar via ulike EU-program må registrere seg i ein EU-database og få eit OID-nummer. Dette blir dei også spurde om i søknadsskjemaet. 

Sjekk her om din organisasjon (søkarorganisasjon) har OID-nummer frå før:  Erasmus+ and European Solidarity Corps platform (europa.eu)

Dersom de ikkje har det, kan de sjå på ein video som HK-dir, nasjonalkontoret for Erasmus + programmet, har laga om korleis de går fram: https://www.youtube.com/watch?v=H_SV__qZDLY