Erasmus+ Aktiv ungdom

Er du ung og ønskjer internasjonal erfaring? Fylkeskommunen er regionalt kontaktpunkt for Erasmus + Aktiv Ungdom-programmet der ungdom, ungdomsråd og kommunalt tilsette som arbeider med ungdom kan søkje støtte til utveksling.

Kven kan søke Erasmus + Aktiv Ungdom?

  • Du som er mellom 13 og 30 år og ønsker å få internasjonal kompetanse
  • Du som arbeider med ungdom i kommunen og er interessert i å utveksle erfaringar med kollegar i andre land
  • Du som har eit ungdomsråd som er interessert i å diskutere ungdomsmedverknad med andre ungdomar i Europa.

Ikkje-kommersielle organisasjonar, til dømes kommunar og ungdomsorganisasjonar, kan søkje på vegne av ungdom (13–30 år) og ungdomsarbeidarar.

Prioritert målgruppe

Ungdom med spesielle utfordringar er ei prioritert gruppe i Aktiv Ungdom. Det er fordi ikkje-formelle læringsprosessar er eit alternativ og supplement til skulesystemet.

Kva kan du få støtte til?

Du kan blant anna få støtte til

  • ungdomsutveksling
  • ungdomspolitiske møte
  • kurs og hospitering for ungdomsarbeidarar
  • strategiske partnarskap mellom organisasjonar
  • transnasjonale ungdomsinitiativ
  • frivillig arbeid (European Solidarity Corps - ESC)

Kvifor skal du søke?

Det er mange fordelar ved å delta i Erasmus+:

  • Arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
  • Bidra i eit lokalsamfunn
  • Lære andre kulturar å kjenne
  • Utvida språkerfaring
  • Personleg utvikling
  • Prosjekterfaring
  • Bli kjend med nye arbeidsmetodar og verktøy
  • Lære om ungdomsarbeid i andre land
  • EU-vitnemålet YOUTHPASS på slutten av kvart prosjekt

Slik søkjer du

Er du ungdom, ta kontakt med oss for rettleiing. Kommunar og organisasjonar kan få hjelp i søknadsprosessar.

Søknadsfristar

Det er tre søknadsfristar i året, vanlegvis er i februar, april og oktober. Prosjekta som får støtte kan starte tidlegst tre månader etter søknadsfristen.

Kva kan vi hjelpe med?

Fylkeskommunen er regionalt kontaktpunkt for Erasmus+ Aktiv Ungdom. Dette kan vi hjelpe med:

  • organisere informasjonssamlingar om Aktiv Ungdom
  • halde innlegg om moglegheiter innanfor Aktiv Ungdom
  • rettleie i søknadsprosessar
  • hjelpe organisasjonar i gang med å bli ESC verts- eller sendarorganisasjon.
  • vi har eit samarbeid med mellom anna våre rettleiingssentera om frivillig arbeid for ungdomar med spesielle utfordringar.