Entreprenørskapsstøtte i Riga-regionen
Riga-regionen ønskjer å auke kapasiteten for entreprenørskap, og har bedt Vestland fylkeskommune om å dele av våre erfaringar med ulike verkemiddel for å styrke næringslivet og entreprenørar i Latvia sin hovudstadsregion.
Riga-regionen, i samarbeid med Vestland fylkeskommune, har inngått eit samarbeid om prosjektet “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”.
Eit EØS-prosjekt
Prosjektet er finansiert av EØS-programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid i Latvia, og varer i perioden juli 2021–april 2024.
Målet med prosjektet
Formålet med prosjektet er regional utvikling i by og land, ved bruk av ulike entreprenørskapsmetoder og verktøy. Prosjektet er kopla på vår næringsplan Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033. Prosjektet knyttast opp mot delmålet Innovative og inkluderande samfunn - verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.
Hovudaktivitetar
A1. Styrking av arbeidet med entreprenørskap hjå lokale myndigheter i Riga regionen.
A2. Fremje Riga-regionen – styrking av regional utvikling og entreprenørskap.
A3. Verktøy og metodar for entreprenørskap blant unge.
A4. Regionsvise aktivitetar for auka sysselsetting og konkurransevne.
Alle lærer i internasjonale prosjekt
Gjennom dette prosjektet skal ein auke entreprenørskaps-kompetansen i Riga-regionen, og Vestland fylkeskommune si haldning er at alle lærer av kvarandre når ein samarbeidar i internasjonale prosjekt. Ofte kjem det òg nye initiativ og samarbeid som byggjer på det ein har lært i prosjektet.
Working together for a competitive Europe.
Aktivitetar i prosjektet:
Project desription in english
Project title: Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region (henceforth-Prosjekt)
Project objective:
To promote balanced development of the Riga Planning Region (henceforth - RPR) with the aid of regional entrepreneurship support mechanisms
Project Promoter: Riga Planning Region, Latvia
Donor project partner: Vestland County Municipality, Norway
Total maximum eligible project cost: € 711,016
Project duration: 34 months (July, 2021 – April, 2024)
Project Target groups:
The most important target groups of the Project are the RPR, local governments, entrepreneurs, owners of new business ideas, non-governmental business organizations, local communities and young people.
Planned project results:
- Supported businesses with increased operational capacity;
- strengthened capacity of the Entrepreneurship centre of RPR to support entrepreneurship;
- increased share of entrepreneurs satisfied with the services and support provided by local governments;
- professional staff trained in entrepreneurship promotion and inter-municipal cooperation;
- most local municipalities located in the region participate in capacity development initiatives aimed at strengthening entrepreneurship;
- individuals supported for local business development;
- new region specific solution to increase regional competitiveness and employment implemented.
Riga lærer om entreprenørskaps-verktøy for unge i Vestland
Working together for a competitive Europe
Riga lærer om entreprenørskaps-verktøy for unge i Vestland
“Vi lrer mykje om verktøy og metodar for å auke entreprenørskapslysten blant unge” seier ein begeistra gjeng frå Riga.
I slutten av august kom ein gjeng på fem personar frå Riga-regionen på besøk til Vestland for å lære om korleis Vestland jobbar med entreprenørskap knytt til unge.
Dei fekk først ei grunding innføring i Vestland fylke sine ulike planar, strategiar og prosjekt, av seksjonsleiar for Grøn Næringsinfrastruktur, Heidi Bjønnes Larsen. Så reiste gjengen på tur til Stord, og lærte mykje om Sunnhordland-regionen. Atheno var vertskap på Stord. Vestland fylkeskommune meiner det er svært viktig å vise og dele med våre latviske gjestar heile vårt spanade fylke. Og har som tradisjon å ta gjestane med ut av Bergen. Sjølv om det er korte og intense reiser, så prioriterer vi dette, fortel Larsen. Riga-regionen består av storbyen Riga, og mange distriktskommuner. Slik sett speglar det Vestland veldig godt.
Blant deltakarane var Luize Utane, ein spesialist frå Ropazi kommune si skuleavdeling. Ho var veldig begeistra over blant anna Bergen Næringsråd sine prosjekt, spesielt der dei koplar unge til styreverv i bedrifter, Styrekandidaten. Eit utviklingsprogram der unge får opplæring og oppfølging i styrearbeid, og kan verte aktuelle til profesjonelle styreverv etter kvart. Dette kan vi introdusere som eit verdifullt verktøy i Riga- regionen.
Ho snakka òg om ei samfunnsorientert tilnærming til utvikling her i Vestland. Ei forståing om at alle må bidra, vere generøse og samarbeide for å få til samfunnsutvikling. Dette er noko eg vil introdusere i Riga-regionen òg, seier ho.
Linards Reinis Rozitis, tilsett ved Innovasjonssenteret på Riga Techical University, lærte mykje om korleis man kan kople studenter og bedrifter. Gjere overgangen frå å vere student til entreprenør lettare. Til dømes VIS sine ulike grunderprogram kan vere relevant for Riga, meiner han.
Dette er ein del av EØS-prosjektet “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”. Det er finansiert av EØS-programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid i Latvia. Prosjektet varer til april 2024.
Formålet med prosjektet er regional utvikling i by og land, ved bruk av ulike entreprenørskapsmetoder og verktøy. Prosjektet er kopla på vår næringsplan Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 – 2033. I hovudsak kan prosjektet knyttast opp mot delmålet Innovative og inkluderande samfunn - verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket. Prosjektet er styrt frå Riga-regionen sitt hovudkontor.
Nyttige og spanande verktøy for regional konkurranseevne
Working together for a competitive Europe
Nyttige og spanande verktøy for regional konkurranseevne
Tilsett i Riga-regionen sin administrasjon, Ilgvar Francis, seier at mange av dei nyttige og spanande metodane og verktøya frå Vestland kan dei ta med seg heim og bruke i sitt daglege arbeid.
I august kom ti personar frå Riga-regionen på studiebesøk til Vestland. Fem av desse skulle lære spesielt om ulike regionale aktivitetar for auka sysselsetting og konkurranseevne.
Gruppa frå Riga-regionen bestod av personar frå ulike institusjonar, som frå til dømes Latvia sin nasjonale organisasjon tilsvarande vårt Innovasjon Norge, inkubatorar og NGO-er.
Dei fekk først ei grunding innføring i Vestland fylke sine ulike planar, strategiar og prosjekt for regionalt samarbeid. Så reiste dei til Sunnhordland-regionen. Dei fekk lære mykje om ulike regionale organisasjonar som støttar regional næringsutvikling. Til dømes Atheno, VIS, Bergen Næringsråd og Connect Vest. I tillegg lærte dei om korleis kommunar jobbar med samfunns- og næringsutvikling. Til dømes Region Sunnhordland og Bjørnafjorden Grunderpark.
Dei fekk òg besøk av leiaren av Latviaforeningen, som òg jobbar i NAV. Ho hadde interessant statistikk over arbeidsmarknaden og ordningar. Til dømes at man kan få behalde dagpengar om man satsar på å starte eigen bedrift, var veldig interessant.
Dette er ein del av EØS-prosjektet “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”. Det er finansiert av EØS-programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid i Latvia. Prosjektet varer til april 2024.
Formålet med prosjektet er regional utvikling i by og land, ved bruk av ulike entreprenørskapsmetoder og verktøy. Prosjektet er kopla på vår næringsplan Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 – 2033. I hovudsak kan prosjektet knyttast opp mot delmålet Innovative og inkluderande samfunn - verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket. Prosjektet er styrt frå Riga-regionen sitt hovudkontor.
Besøk i Vestland
Til Vestland for å lære om reiseliv og marknadsføring
Reiselivs- og marknadsføringsekspertar frå Riga-regionen i Latvia, besøkte Vestland for å lære om reiseliv og regional- og lokalutvikling. Gjengen frå Riga-regionen møtte ulike organisasjonar og kommunar, og hadde program i Bergen, Voss og Ulvik.
Besøket fann stad 10.–12. mai, og er ein del av det EØS programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid. Sjølve prosjektet heiter “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”. Dette besøket er del av hovudaktiviteten under A2-målet om å fremje Riga-regionen – styrking av regional utvikling og entreprenørskap.
– Det er verdfull lærdom for oss å sjå måten ein i Vestland implementerer reiseliv i regionane. Arbeidet med å sikre at gjestane blir i regionen i fleire dagar, slik at blant anna overnattings- og serveringsstadar aukar sin omsetnad. Ein ser også at fokuset på reiseliv i Vestland ikkje først og fremst er på å ta imot store volum av turistar. Vestland sin tanke rundt reiseliv er at ein god stad å bu er ein god stad å besøkje og at areal og ressursar skal forvaltast til det beste for både lokalbefolkning og besøkjande, seier Edgar Rantins, tilsett i administrasjonen i Riga fylke
– I Noreg og i Vestland er ein veldig bevisst på at reiseliv har stor påverknad på regional utvikling og ein har fokus på at det er eit felles ansvar å sikre berekraftig utvikling i reiselivet. Vi ser også at reiseliv er eit samarbeid om mange aktivitetar og mellom mange ulike aktørar. Etter dette besøket vil vi analysere korleis vi kan integrere denne lærdomen i våre strukturar, seier Rantins
I tillegg til Rantins, deltok òg reiselivsansvarlig i Marupe kommune, Patriciia Vevere, leiar for investeringar i Riga Investment Development Division, Inese Sustrina, samt Madara Zahare, seniorrådgjevar i Jurmala kommune. Opplegget var organisert av Vestland fylkeskommune.
Working together for a competitive Europe.
Vestland fylkeskommune besøkte kommunar i Riga-regionen
Vestland fylkeskommune besøkte kommunar i Riga-regionen
Som eit ledd i å førebu Riga-regionen sitt besøk til Vestland til hausten, reiste ein delegasjon frå Vestland til Riga for å lære meir om måtar ulike kommunar i regionen jobbar med entreprenørskap og regional utvikling.
Anne-Kathrine Torvund og Beate Bergsholm, begge tilsett i Vestland fylke, besøkte fire ulike kommunar i Riga-regionen; Ādaži, Ķekava, Mārupe and Rīga. Dette var spanande og nyttige dagar, fortel Torvund. Riga-regionen har mange likheter med Vestland. Til dømes motoren Bergen og Riga kan vere for sine nabokommunar, og dei synergiane som dette forholdet kan skape for regional utvikling.
Det har nyleg vore ei stor regionreform i Latvia, slik som i Noreg. Mange kommunar er difor samanslåtte, og ulike måtar å arbeide og samarbeide på er spanande å vise fram og lære om, seier Bergsholm.
Riga-regionen skil seg òg frå Vestland på mange måtar. Blant anna er ikkje Riga ein by i stor vekst, slik som det Bergen og omegnskommunane er. Difor har ikkje byutvikling knytt til fortetting særlig fokus.
Besøket fann stad 29. til 31. mars, og er ein del av EØS-programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid. Sjølve prosjektet heiter “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”.
Dette besøket er del av hovudaktiviteten under A1. Styrking av arbeidet med entreprenørskap hjå lokale myndigheter i Riga regionen.
Dette besøket dannar grunnlaget for kva Vestland skal vise fram og dele med delegasjonen frå Riga som kjem på besøk i september.
Working together for a competitive Europe.
Lærte om ungdom og entreprenørskap i Riga-regionen
Tre representantar frå Vestland fylkeskommune tok del i ei delegasjonsreise til Riga for å lære korleis dei jobbar for å auke ungdom sin motivasjon for entreprenørskap.
Tor Ivar Sagen Sandvik seksjonsleiar frå Avdeling for opplæring og kompetanse, adjunkt Sonja Merethe Øvre-Flo frå Stryn vgs, samt seniorrådgjevar Beate Bergsholm frå Avdeling for innovasjon og næringsutvikling, deltok på reisa.
Dei besøkte blant anna University of Latvia sin student inkubator, samt Latvia Investment Deveopment Agency (LIAA), der det finst ulike program og ordningar retta spesifikt mot unge. I tillegg besøkte dei Riga Technical University sin “Theme Factory”, og Riga State Gymnasium som gjennomførte ulike aktiviteter, tilsvarande det som Ungt Entreprenørskap tilbyr her i Noreg. Siste besøk var hjå Jurmala Youth Initiative Centre.
“Det er mange spanande prosjekt på plass i Riga-regionen for unge, der dei kan få praktisk erfaring med entreprenørskap. Ein stor fordel er den kontakten mellom unge og lokale bedrifter som kan bli etablert gjennom denne type aktivitet”, seier Sagen Sandvik.
Besøket fann stad 14 til 16 juni, og er ein del av det EØS programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid. Sjølve prosjektet heiter “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”.
Dette besøket er del av hovudaktiviteten under A3. Verktøy og metodar for entreprenørskap blant unge.
Dette besøket dannar grunnlaget for kva Vestland skal vise fram og dele med delegasjonen frå Riga som kjem på besøk i løpet av neste år.
Working together for a competitive Europe.
Frå Riga til Vestland for å lære om planlegging og næringsutvikling
I slutten av september var ein delegasjon frå Riga-regionen i Latvia på besøk i Vestland for å lære meir om korleis fylkeskommunen, kommunar og andre aktørar i Vestland jobbar med planlegging og næringsutvikling.
Det var 9 personar frå Riga og kommunane rundt som tok del i denne studiereisa. Dette er eit nettverk som kjenner kvarandre frå før. Målet var å lære meir om korleis Vestland jobber, samt å knytte nærare band internt i nettverket. Deltakarane jobbar med kommunal planlegging og næringsutvikling.
I Vestland ynskte dei å lære meir om korleis vårt system for næringsutvikling og planlegging funderer, og spesielt korleis økosystemet fungerer ilag. Spesielt korleis fylkeskommunen, kommunane og andre aktørar fungerer ilag.
Dei fekk ei grunding innføring i Vestland fylke sine ulike planar og strategiar, spesielt Grøn Region Vestland. I tillegg var dei på dagsbesøk i Alver kommune. Det har i Latvia vore ein stor kommune-reform, og det er svært lærerikt å sjå korleis ein stor, samanslått kommune som Alver jobbar seg saman for næringsutvikling, seier Ilgvars Francis, prosjektleiar i Riga-regionen. Spesielt var det interessant å sjå korleis kommunen jobbar med tilreggelegging for grøne næringar gjennom prosjektet Green Spot Mongstad.
Frå Bergen kommune fekk delegasjonen blant anna høyre om stor-kommunen sitt arbeid med store arrangement.
Delegasjonen hadde òg ein dag på Marineholmen, der Vestlandets Innovasjonsselskap, VIS, var vertskap. VIS er eit av Noreg sitt største innovasjonssenter. Riga-gjengen fekk ei innføring i innovasjonsmiljøet på Marineholmen, og omvisning i området, i blant anna fekk dei besøke Makerspace. Delegasjonen var òg interessert i korleis regionen arbeidar med korleis tiltrekkje seg internasjonale aktørar og investeringar, og Investin Bergen tok dei gjennom ulike strategiar og metodar for korleis Vestland jobber med dette.
Dette er ein del av EØS-prosjektet “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”. Det er finansiert av EØS-programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid i Latvia.
Formålet med prosjektet er regional utvikling i by og land, ved bruk av ulike entreprenørskapsmetoder og verktøy. Prosjektet er kopla på vår næringsplan Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 – 2033. I hovudsak kan prosjektet knyttast opp mot delmålet Innovative og inkluderande samfunn - verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket. Prosjektet er styrt frå Riga-regionen sitt hovudkontor.
Working together for a competitive Europe.
Vestland på besøk i reiselivsdestinasjonen Jurmala, Latvia
Ein delegasjon frå Vestland var på besøk i Jurmala, den mest kjende reiselivsdestinasjonen i Latvia. I lag med Riga Planning Region, som har liknande oppgåver som ein fylkeskommune, fekk dei møte mange ulike aktørar. Både politikarar og kommuneadministrasjon, samt ulike representantar knytt til reiselivet som turistkontor, museum og teknisk skule.
Dagen dreide seg om status, behov og potensiale for utvikling av reiseliv både i Jurmala, Riga-regionen og Vestland.
Første stopp var hjå Jurmala turistkontor, og diskusjonen dreide seg om dei utfordringane turistindustrien har hatt dei siste åra, og kva utfordringar reiselivet har for tida og framover.
Jurmala er Latvia sin mest kjende reiselivsdestinasjon. Eit felles tema for både Jurmala og Vestland er å finne ein god balanse mellom behova til innbyggjarane og turistane. Dette vert gjenspeila i korleis ein tenkjer rundt til dømes urban utvikling og infrastruktur, og prioritering i bruk av økonomiske midler.
Aleksandra Stramkale, leiar av Jurmala turistkontor, fortalde til dømes om korleis dei har arbeidd med å tilrettelegge den flotte stranda slik at det er rom for mange ulike behov. Stranda er delt inn i «aktive» og «stille» område. Der dei aktive områda gjev rom for sport, kafear og musikk. Medan dei stille områda er meir tilrettelagt for rolige aktivitetar.
Beate Bergsholm, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, seier det alltid er viktig å dele og lære av kvarandre sine erfaringar for å bidra til regional utvikling. “Denne type utveksling bidrar til gjensidig læring og inspirasjon.”
Besøket fann stad 28 til 30 mars, og er ein del av det EØS programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid. Sjølve prosjektet heiter “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”.
Dette besøket er en del av hovudaktiviteten under A2. Fremje Riga-regionen – styrking av regional utvikling og entreprenørskap knytt til reiseliv og marknadsføring.
Working together for a competitive Europe.
Lærte om entreprenørskap og næringsutvikling i Riga-regionen
Ein delegasjon frå Vestland besøkte vår samarbeidspartnar Riga Planning Region i Latvia for å lære meir om deira regionale system for å støtte entreprenørskap og næringsutvikling.
Til dømes Latvian Investment and Development Agency, som på mange måtar tilsvarar Innovasjon Norge. I tillegg besøkte delegasjonen Sigulda regionale inkubator og organisasjonen Juras Zeme for å lære meir om dei verktøy som Latvia og Riga-regionen har og bruker.
Juras Zeme delte sine erfaringar med å nytte lokale aksjonsgrupper i utviklingsarbeidet sitt, samt korleis dei jobbar med å tiltrekkje seg midlar frå ulike EU-organisasjonar.
Dette besøket dannar eit viktig grunnlag for kva Vestland skal vise fram og dele med delegasjonen frå Riga som kjem på besøk i løpet av seinsommaren. Seniorrådgjevar Hans Inge Gloppen i Vestland fylkeskommune sa at desse samtalane gav eit godt innblikk i kva som vil vere interessant og relevant for Riga-delgasjonen å oppleve i Vestland.
Reisa fann stad 28 til 30 mars, og er ein del av det EØS programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid. Sjølve prosjektet heiter “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”. I samband med dette besøkt var òg prosjektet sin midtveis-konferanse gjennomført.
Besøket er del av hovudaktiviteten under A4. Regionsvise aktivitetar og verktøy for auka sysselsetting og konkurransevne.
Working together for a competitive Europe.
Samarbeid og dialog på sluttkonferanse
Working together for a competitive Europe
Eit nyttig og godt samarbeid frå 2021 til 2024, var oppsummeringa frå Riga-regionen. Det å bli kjend med kvarandre, dele kompetanse og erfaringar, samt å lære ilag, er viktig i ei verd i hurtig endring.
I starten av april deltok ein gjeng frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune på sluttkonferansen i prosjektet Entreprenørskapsstøtte i Riga-regionen. Fokuset på konferansen var samarbeid på mange nivå. Blant anna mellom landegrenser, mellom stat, kommune og næringsliv.
Leiar for Innovasjonsinfrastruktur, Heidi Bjønnes Larsen, bidrog med metodar for korleis Vestland jobbar gjennom dialog og samarbeid for å sikre berekraftig verdiskaping. Gisle Nondal, næringssjef i Bergen kommune, heldt eit innlegg om korleis Bergen jobbar strategisk med reiseliv.
Styreleiar i Riga-regionen, Edvards Ratmieks, sette fokus på å involvere unge og gje dei entreprenørskapskompetanse allereie i skulen. Eit av hovudtema i prosjektet har vore støtte til unge entreprenørar.
I løpet av prosjektet har det vore mange gjensidige besøk og ulike tema. Til dømes knytt til unge entreprenørar, NGO-ar, kommunale planleggarar, reiseliv og innovasjonsinfrastruktur.
Dette var ein del av EØS-prosjektet “Entrepreneurship support measures in the Riga Planning Region/Support RPR-VEST”. Det har vore finansiert av EØS-programmet for lokal utvikling, godt styresett og kultursamarbeid i Latvia. Prosjektet varer ut april 2024.
Formålet med prosjektet har vore regional utvikling i by og land, ved bruk av ulike entreprenørskapsmetoder og verktøy. Prosjektet er kopla på vår næringsplan Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021 – 2033. I hovudsak kan prosjektet knyttast opp mot delmålet Innovative og inkluderande samfunn - verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket. Prosjektet har vore styrt frå Riga-regionen sitt hovudkontor.
Delegasjonen frå Vestland fylkeskommune og Bergen kommune. Foto: Riga-region.
Leiar for Innovasjonsinfrastruktur, Heidi Bjønnes Larsen, inspirerte deltakarane på sluttkonferansen. Foto: Riga-region.