Tilskot til etableraropplæring og traineeordningar for innvandrarar

Dei to tidlegare ordningane - «Mentor- og traineeordning for innvandrarar» og «Etablereropplæring for innvandrarar» - er no samla i ein ny ordning kalla «Etableraropplæring og traineeordningar for innvandrarar».

Dette vedtok hovudutval for kultur, idrett og inkludering, i sak PS5/2024 

Det er to hovudmål for den nye tilskotsordninga:

  1. Betre inkludering av fagutdanna og høgt kvalifiserte innvandrarar i arbeidslivet.
    Ein mentor-trainee-relasjon omfattar i hovudsak to personar: mentoren og den som skal få tilgang til mentoren sine erfaringar og kompetanse. Verksemder i privat eller offentleg sektor kan nytta tilskotsordninga til å etablere og gjennomføre eit mentor- og traineeprogram som styrkjer mangfaldet i bedrifta, slik at dei blir tilført ny kompetanse og nye erfaringar. Du kan få støtte til etablering og gjennomføring av mentor- og traineeprosjekt med aktivitetar og tiltak, og nødvendig administrasjon av desse, inkludert prosjektleiing/medarbeidarar.  

  2. Styrke og utvikle kunnskap hos innvandrarar om korleis ein kan etablere eiga verksemd, som igjen skaper sysselsetjing og vekst.
    Etableraropplæring for innvandrarar kan omfatte opplæring, kursing og nettverksbygging. Prosjektet skal støtte innvandrar på vegen mot etablering av eiga verksemd. Dette inneber at deltakarane i prosjektet bør få kjennskap til relevant lovverk, økonomistyring og system. Det skal kome tydeleg fram i søknaden korleis ein tenker å nå målgruppa. Innvandrarar knytt til prosjektet bør gjerast i stand til å lage berekraftige forretningsmodellar, som gjev dei forutsetningar for å lukkast på lang sikt.

Prosjektet må imøtekome minst eitt av måla ovanfor for å få stønad.

Det vektleggast positivt om søkjarar kan vise til samarbeid med andre aktørar og/eller på tvers av fleire fagfelt. Søkjar må vere fylkesdekkande, eller i det minste dekke store delar av fylket (regionalt nedslagsfelt).

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget.

Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan fire veker etter søknadsfristen.

Kven kan søke?

  • Offentlege verksemder
  • Organisasjonar i privat sektor med relevant fagekspertise
  • Frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligheitsregisteret

  De kan søke om tilskot einskildvis eller i samarbeid med andre.  

Krav til eigenfinansiering

Søkjar må bidra med eigne budsjettmidlar som minst svarar til søknadsbeløpet. Eigenfinansieringa kan vere i form av stillingsressursar, lokalitetar og/eller andre driftskostnadar. Desse må reknast om til kronebeløp i søknaden.

 Dette må sendast inn til fylkeskommunen

  • Informasjon om søkjar
  • Skildring av prosjektet
  • Geografisk nedslagsfelt (når prosjektet innbyggjarar i fleire kommunar?)
  • Målgruppe for prosjektet
  • Korleis ein skal nå målgruppa
  • Korleis arbeidet er planlagt gjennomført
  • Eventuelle samarbeidspartar – korleis tek dei del i prosjektet?
  • Budsjett og finansieringsplan
  • Forventa resultat/målsetting
  • Eventuelle tidlegare resultat

Det er også høve til å senda inn ein meir detaljert prosjektplan/skisse som vedlegg til søknaden om de ynskjer det.

Vedlegg som må sendast inn:

  • Godkjend årsrekneskap
  • HMS-erklæring
  • Attest for skatt og meirverdavgift som ikkje er eldre enn 6 månadar gammal ved søknadsfristen.

Søknaden skal underteiknast av leiar eller generalsekretær for verksemda. 

 

Den som får tilskot skal rapportere om resultat- og måloppnåing og legge fram rekneskap.

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte. De kan søkje om utsetting av rapportering. De søker om utsetting skriftleg til Vestland fylkeskommune.

Dersom de ikkje nyttar tilskotet til formålet, eller de ikkje kan bruka alle midlane innan tilskotsperioden, skal de betale tilbake midlane. Vilkår for for dette framgår av tilskotsbrevet.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at pengane vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til naudsynte dokument og opplysingar.

De kan klage på vedtaket etter forvaltningslova § 28.

Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans, og kan rettleie klager om ynskjeleg. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast.

Klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune på post@vlfk.no merka ‘Tilskot til etableraropplæring og traineeordning for innvandrarar’.