Om Fagveg

Fagveg er eit samarbeid mellom NAV Vestland og Vestland fylkeskommune. Målet er at fleire vaksne skal ta fagbrev og kome ut i arbeid, og at bedrifter får tak i faglært arbeidskraft.

 

Næringslivet i Vestland treng fleire fagarbeidarar. Samstundes er det mange som heilt eller delvis står utanfor arbeidslivet. En del har ikkje fullført vidaregåande opplæring eller andre har ikkje kompetansen næringslivet etterspør. Gjennom prosjektet Fagveg ønskjer NAV og Vestland fylkeskommune å hjelpe bedrifter med å finne eigna kandidatar og legge til rette for at desse kan få rett kompetanse. Aktuelle kandidatar er både arbeidsledige og dei som har ei lausare tilknyting til arbeidslivet gjennom deltidsstillingar, vikariat og liknande.