Slik kan bedrifter få faglært arbeidskraft

Fagveg er eit samarbeid mellom Nav Vestland og Vestland fylkeskommune som gjer det enklare for bedrifter å få faglært arbeidskraft eller gi tilsette høve til å ta fagbrev.

Gjennom fagveg vil bedrifta få kontakt med aktuelle kandidatar som ønskjer seg jobb, men kanskje manglar formelle kvalifikasjonar. Fagveg kan også legge til rette for at arbeidstakarar du allereie har kan få hjelp til å fullføre fag- eller sveinebrev. 

Slik jobbar Fagveg 

  • Kartlegge bedrifta sitt behov for arbeidskraft og kompetanse
  • Rekruttere aktuelle kandidatar
  • Kople kandidat og bedrift gjennom møte
  • Legge til rette for arbeidspraksis når det er aktuelt
  • Lage opplæringsplan og velje rett opplæringsløp for kvar kandidat
  • Bistå bedrifta med å bli godkjend som lærebedrift

Aktuelle NAV-tiltak

Kandidatar som treng det kan få ulike tiltak frå NAV i opplæringsløpet sitt. Dette kan til dømes vere: arbeidstrening, mentor, funksjonsassistent, inkluderingsstønad, mellombels lønnsstønad, tilskot til sommarjobb, oppfølging og Arbeidsmarkedsopplæringskurs, er yrkesretta kurs som NAV arrangerar. -kurs. 

Eventuelle tiltak vert vurdert individuelt. 

Les meir her: Trenger hjelp til å komme i jobb - nav.no