Ønskjer du fagbrev?

Har du lyst til å ta eit fagbrev, men ikkje veit kvar du skal starte? Fagveg er eit samarbeid mellom NAV Vestland og Vestland fylkeskommune for å rekruttere fleire vaksne fagarbeidarar.

Med fagbrev blir du meir attraktiv på arbeidsmarknaden og stiller sterkare i konkurransen om jobb.

Du kan få hjelp til å

  • finne rett fag eller bransje
  • kome i kontakt med ei bedrift
  • få praksis eller arbeid
  • lage ein plan fram mot fagbrev

Kven tar eg kontakt med der eg bur?

Rettleiingstenesta i ditt område har god oversikt på kva samarbeid Nav, fylkeskommunen og næringslivet har i ditt område.

Finn di rettleiingsteneste i Vestland.

Sjå også det generelle fagtilbodet i vidaregåande opplæring for vaksne i Vestland

Spørsmål og svar

Treng eg vere registrert i Nav?

Du treng ikkje å vere registrert hos Nav. Om du ikkje har behov for rettleiing eller stønad frå Nav i opplæringsløpet, er det i utgangspunktet rådgjevar i rettleiingstenesta i fylkeskommunen og bedrifta som følgjer deg opp. 

Kor lang tid tar det før eg oppnår fagbrev? 

Det vil vere individuelt frå person til person. Først vil vi gjennomføre eit kartleggingsmøte, der vi ser på dine tidlegare erfaringar og framtidige moglegheiter. Så vil vi hjelpe deg med å finne rett opplæringssordning for deg og bedrifta.

Kva har det å seie for den økonomiske stønaden min?

Du kan framleis ha rett til å motta økonomiske ytingar frå Nav. Har du ikkje økonomisk yting frå Nav i dag, kan du ha rett på det under opplæringa. Dette vil vere individuelt. Saman med rettleiar i Nav vil vi gå grundig gjennom kva det betyr for økonomien din å starte på ei fagopplæring.

Finst det tilbod i alle fag?

Kva tilbod som finst kor i fylket, varierer. Rettleiingstenesta i området ditt har oversikt over kva samarbeid fylkeskommunen og NAV har der du bur.

Om vi ikkje har eit samarbeid om sluttkompetansen du ønskjer deg, kan dei likevel rettleie deg inn på kva veg du bør velje.

Korleis får eg rettleiing på kva eg skal utdanne meg til?

Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne over 19 år. Du vel sjølv om du vil snakke med dei ​​på telefon, video eller på eit av deira seks kontor over heile fylket.

Les meir og ta kontakt: Karriere Vestland - Vestland fylkeskommune.

Dersom du ikkje finn ledige timar i kalenderen deira eller ikkje ønskjer direkte rettleiing, kan du nytte deg av karriereveiledning.no.

 

Det overordna målet til Fagveg er å få fleire vaksne (19 år og eldre) ut i fag- og yrkesopplæring, med individuelt tilpassa opplegg for den enkelte.

Fagveg er eit prosjekt som retter seg mot deg som har ei svak eller ingen tilknyting til arbeidslivet. Dette betyr at du i dag kan finne deg heilt utanfor arbeidslivet eller at du allereie kan vere tilknytt ei bedrift. Kanskje har du ei deltidsstilling, eit vikariat eller ein annan form for kontrakt?

Det viktigaste er at du er motivert og ønskjer deg ut i jobb!

Utgangspunktet for Fagveg er privat og offentleg næringsliv sitt behov for fagarbeidarar. Tiltaka blir oppretta på bakgrunn av dette. Kva tilbod som finnast kor i fylket, vil difor variere. Rettleiingstenesta i fylkeskommunen kan gi deg meir informasjon om kva tilbod som finnst i området ditt. 

Les meir om Fagveg