Søk om å bli Årets idrettslag – topp og breidde

Vestland fylkeskommune deler ut to prisar, ein til Årets idrettslag – topp og ein til Årets idrettslag – breidde. Ditt idrettslag kan søke innan 15. september.

Idrettslag i fylket kan no søkje om å bli årets idrettslag i Vestland. Dei to prisvinnarane får 50 000 kr kvar. Eitt og same idrettslag kan søkje på begge prisane, dersom dei kvalifiserer i begge kategoriane.  

Målet med begge prisane er å stimulere idrettslaga til vidare satsing og til å vidareutvikle tilbodet sitt. Prisvinnarane skal også vere gode modellar og til inspirasjon for andre idrettslag.  

Kven kan søkje?

Idrettslag med adresse i Vestland. Ein kontaktperson søkjer på vegner av idrettslaget.

Søknadsfrist

15. september 2024.

Vurdering av søknad for Årets idrettslag – topp 

Prisen Årets idrettslag – topp skal gå til eit idrettslag som kan vise til god prestasjonskultur, og som har utøvarar på høgt internasjonalt nivå. Vestland fylkeskommune vil samarbeide med Olympiatoppen Vest for å velje ut Årets idrettslag – topp. Då legg vi vekt på desse punkta: 

  • Prestasjonskultur: Eige arbeid i idrettslaget, gjerne i samarbeid med andre miljø, for å få fram toppidrettsutøvarar. 
  • Resultat: Idrettsprestasjonar i internasjonale konkurransar eller kampar av junior og/eller senior utøvarar innan individuell idrett eller lagidrett. 
  • Mål: Vidare målsetjing for idrettslaget, og planar for kva eventuelle prispengar skal brukast til.

Vurdering av søknad for Årets idrettslag – breidde  

Prisen Årets idrettslag – breidde skal gå til eit idrettslag som kan vise til stor breidde i tilbodet, i tillegg til ekstraordinært arbeid innan folkehelse og inkludering. Vestland fylkeskommune vil samarbeide med Vestland idrettskrets for å velje ut Årets idrettslag – breidde. Då legg vi vekt på desse punkta: 

  • Breidde: Kva tilbod har idrettslaget til medlemmane sine?
  • Folkehelse: Kva tiltak kan idrettslaget særskilt framheve når det gjeld folkehelsa?
  • Inkludering: Er det tiltak for å fremje inkludering, og dermed hindre utanforskap? Har idrettslaget tilbod for paraidrett, og eventuelt kva? Har idrettslaget rekrutteringstiltak for til dømes dei med innvandrarbakgrunn og andre grupper med låg deltaking? Tiltak som treff fleire minoritetsstatusar blir vurderte positivt.
  • Mål: Vidare målsetjing for idrettslaget, og planar for kva eventuelle prispengar skal brukast til. 

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl.

Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå innstillinga til fylkesdirektøren skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det blir klaga over, årsaka til at det blir klaga, og kva endringar klagar meiner bør gjerast. Klagen skal sendast til post@vlfk.no.