Friluftslivets år 2025
Friluftslivets år er ei landsdekkande markering som blir arrangert kvart tiande år. Vestland fylkeskommune er sjølvsagt med, og skal nytta året til å mellom anna løfte fram dei gode aktørane på friluftslivsfeltet!
Vi skal mellom anna ha søkjelys på korleis vi får auka deltaking i friluftslivsaktivitetar, korleis vi kan inkludere fleire, og korleis ein slik inkludering kan vere varig. Eit viktig delmål blir å undersøke korleis ein kan bygge ned barrierar for utanforskap ved deltaking i friluftsliv.
Hovudmålet med året er å skape begeistring for eit naturvenleg friluftsliv, og å senke terskelen for å delta. Organisasjonar og lokale lag som tilbyr aktivitetar skal løftast fram, og det skal vere enkelt å finne dei. Slik kan du bli ein del av eit miljø, og bli trygg på å vere ute i naturen. Då blir det òg enklare å utforske naturen på eiga hand når du ønsker det.
Det er allereie planlagt fleire arrangement i Vestland fylke. Oversikt over kva som skjer rundt omkring i fylket finn du på aktivitetskalender for Friluftslivets år 2025
Her kan ein også legge inn kommande aktivitetar sjølv: følg oppskrifta på nettsida.
Kva gjer fylkeskommunen?
Fylkeskommunen si rolle
Vi veit at tilgang på natur og friluftslivsaktivitetar er viktig for innbyggarar i Vestland, og vi veit at det er mange aktørar som allereie gjer ein stor innsats for å legge til rette for friluftsliv i kommunane. Vår hovudrolle blir difor å støtte opp under dei aktørane og tiltaka som allereie eksisterer i Vestland. Vi legge til rette for samarbeid mellom desse aktørane, fasiliterer møteplassar når det er behov for det, spreie informasjon om nasjonale satsingar, og å gje råd til kommunane og organisasjonane i arbeidet med å inkludere fleire i friluftsliv i Vestland.
Dagsturhyttene
Vi har no har fått etablert 60 dagsturhytter i nesten alle kommunane i Vestland fylke. Hyttane er teikna og etablert med støtte frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane. Dei er ført opp i samarbeid med kommunane og det er frivillige som driftar hyttene til dagleg. Hyttene er ei kjelde til god ‘geografiundervisning’ og er eit fint høve til å gjere seg kjend i eige fylke. Du kan lese meir om hyttene på denne sida.
Webinarrekke
Det er planlagt ei webinarrekkje på friluftsliv som skal løpa ut 2025. Aktuelle tema er mellom anna historisk og moderne friluftsliv, allemannsrett og -plikt, naturvennleg tilrettelegging for friluftsliv, friluftsliv og psykisk helse, m.m.
Neste webinar finn stad torsdag 12. juni, kl. 10, og handlar om historisk friluftsliv i Vestland. Meir informasjon og lenke til registrering til webinaret vert lagt ut her seinast 1.mai.
Vi legg ut opptak av alle webinar etter kvart. Følg med nedst på denne sida!
Tips eller innspel?
Ta gjerne kontakt med prosjektleiar – kontaktinfo finn du her på sida.
Webinar- og konferanseopptak
- Webinar om historisk friluftsliv i Vestland, 12. juni.
(Lenke kjem så snart opptaket er klart) - Webinar om berekraftig tilrettelegging av stiar og friluftslivsområde, 23. april.
(Lenke kjem så snart opptaket er klart) - Webinar om statleg sikring av friluftslivsområde, 5. mars