Tilskot til ro- og padleruter
Kommunar og interkommunale friluftsorganisasjonar kan no søkje Vestland fylkeskommune om tilskot til kartlegging av ro- og padleruter og til fysisk tilrettelegging for padling og roing.
Gjennom prosjektet Ro- og padleruter i Vestland ønskjer fylkeskommunen å ta ei koordinerande rolle i arbeidet med å kartlegge og tilrettelegge for roing og padling. I samband med prosjektet blir det lyst ut eit tilskot, der målet er todelt:
- Kartlegge av ro- og padleruter og relevant tilrettelegging og infrastruktur i tilknyting til rutene.
- Fysisk tilrettelegging og informasjonstiltak for å gjere roing og padling meir tilgjengeleg for fleire brukargrupper.
Kven kan søkje?
Kommunar og interkommunale friluftsråd.
Kva kan få støtte?
Fylkeskommunen kan gje tilskot til både kartleggingsarbeid og gjennomføring av fysiske tilretteleggingstiltak. Det kan vere til dømes skilting, ramper/brygger, utbetring av tilknytta fasilitetar som toalett, overnattingsmoglegheiter og anna.
Kartlegging
Kommunar kan søke om inntil 50 000 kr til å kartlegge ro- og padleruter og tilknytt infrastruktur og tilrettelegging, til dømes parkeringsplassar, utsettingsbrygger, toalett og anna. Friluftsråda kan i samråd med dei aktuelle kommunane, søke om tilskot til å gjennomføre kartlegging på vegner av medlemskommunane sine.
Tilrettelegging
Kommunar som allereie har god oversikt over ro- og padleruter, eller som parallelt med kartleggingsarbeidet ønskjer å gjennomføre tilrettelegging retta mot roing og padling, kan søke om tilskot til å dekke inntil 50 prosent av kostnadane ved tiltaka.
Friluftsråda kan søke om tilskot til gjennomføring av eigne tilretteleggingsprosjekt retta mot roing og padling i Vestland. Tilrettelegginga må vere i tilknyting til eksisterande, eller framtidige ro- og padleruter.
Søknadsfrist
1. oktober
Sakshandsaming og vedtak
Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl.
Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.
Vilkår og rapportering
- Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50 prosent av dei totale ressursane for prosjektet.
- Kartlegginga av ro- og padlerutene skal innehalde tilstrekkeleg informasjon til at rutene kan graderast i samsvar med padleforbundet sin metodikk for gradering av padleruter. Dei kartlagde ro- og padlerutene skal kunne leggast ut på padleforbundets padleapp, på ut.no og registrerast i Kartverket sin turrute-database.
- I samband med kartleggingsarbeidet skal det òg kartleggast tilretteleggingstiltak og infrastruktur som har relevans i høve til ro- og padlerutene. Det kan vere parkeringsforhald, utsettingsplassar, toalett, overnattingsmoglegheiter m.m. Det er òg ønskeleg at kommunane kartlegg moglegheitene for utlån/utleige av robåt/kano/kajakk.
- I alle fysiske og digitale tiltak som det gis tilskot til skal det framkomme at tiltaka er ein del av prosjektet Ro- og padleruter i Vestland og at Vestland fylkeskommune har gitt tilskot til tiltaka.
- Vi oppmodar kommunar til å samarbeide med lokale ressursar, t.d. turlag og padleklubbar når det gjeld kartlegging, planlegging og gjennomføring av tiltak i samband med ro- og padlerutene.
- Tiltaka det søkast tilskot til skal gjennomførast i løpet av 2023. Det skal sendast inn ein sluttrapport seinast innan utgangen av 2023 og ein førebels statusrapport innan 6 månadar etter motteke tilskot.