Ro- og padleruter i Vestland
Vestland fylkeskommune har gjennom prosjektet ro- og padleruter Vestland tatt ei koordinerande rolle i arbeidet med å kartfeste ro- og padleruter og legge til rette for gode ro- og padleopplevingar.
Ro- og padleruter Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, kommunar, friluftsråd, Norges padleforbund og lokale padleklubbar.
Vestland fylkeskommune vil med prosjektet gjere det enklare å finne informasjon om
- kvar det er fint å ro og padle
- kva ferdigheiter du treng for å padle ei rute
- kva tilrettelegging og fasilitetar du finn langs ruta
Godt fylke for padling
I Vestland er det rike moglegheiter for eit friluftsliv knytt til vatn. I tillegg til ei lang og variert kystlinje er det mange vatn og vassdrag som innbyr til spennande ro- og padleopplevingar.
Fylkeskommunen har sett av pengar til prosjektet, og det er dei tre siste åra blitt lyst ut prosjektmidlar. Kommunar og friluftsråd kan søke om tilskot, både til kartlegging og gradering av ro- og padleruter, men òg til fysisk tilrettelegging som til dømes padlebrygger og padlehukar.
Til no er 30 av 43 kommunar i Vestland blitt med på prosjektet og fått tilskot til å kartlegge ro- og padleruter. Mange kommunar har kome langt i kartleggingsarbeidet, og stadig fleire padleruter blir å finne i appen Padleruter. Padlerutene vil òg meldast inn til Kartverket, slik at dei blir registrerte i den nasjonale databasen for turruter.
Informasjonstavler
I tillegg til at rutene blir publiserte på digitale plattformer som Padleruter og ut.no, vil det òg bli sett opp informasjonstavler ved dei mest brukte utgangspunkta for roing og padling. Produksjonen av infotavler er i gang, og det er eit mål at dei fyrste tavlene kan settast opp våren 2024.
Fleire kommunar og regionale friluftslivsorganisasjonar ønskjer å legge til rette for friluftsliv på sjøen og er i gang med ulike tiltak og prosjekt knytt til roing og padling.
Bergen og Omland Friluftsråd har i fleire år hatt eit søkjelys på tilrettelegging for roing og padling og har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune til oppføring av fleire padlehukar og universelt tilrettelagde ro- og padlebrygger.