Vardebu - Knutepunkt for kunnskap
Dagsturhytta ligg i eit spanande og verdifullt kulturlandskap! Det nyttar dagsturhyttene som arena for kunnskapsdeling om kulturlandskapet kring hyttene. Her kan du lese meir om området kring Vardebu ved å klikke på lenkjene under. Vestland og Rogaland fylkeskommunar har saman etablert prosjektet Knutepunkt for kunnskap.
Leitar du etter praktisk informasjon om hytta?
The cultural history in the landscape around the day trip cabins makes each cabin, and the hike to get there unique. Dagsturhytta should be a place where we can meet and share knowledge with each other. Follow the links below for more information.
Practical information about the cabin.
Veit du noko om landskapet rundt Vardebu? Del av kunnskapen din!
Kanskje du sitt på verdifull eller spennande kunnskap om historia til landskapet rundt deg? Del gjerne ved å bidra med informasjon til Kulturminnesøk.no. Der kan du bidra ved å leggje inn kulturminne i kartet med ei skildring og ved å laste opp bilde.
Du kan også dele di oppleving i hytteboka!
Gjestgjevarstaden i Alverstraumen | The hostelry in Alverstraumen
Gjestgjevarstaden i Alverstraumen var i drift i 1660, men vi veit ikkje sikkert kor gammal denne staden eigentleg er. Alt frå sagatida har den indre skipsleia mot nord gått gjennom Alverstraumen. Her drog kongar og krigsflåtar, biskopar og handelsmenn.
The hostelry in Alverstraumen was in operation in 1660, but we do not know for certain how old the place really is. From the time of the norse sagas the inner shipping lane towards the north has passed through Alverstraumen. Here kings and war fleets, bishops and merchants sailed past.
Gjestgjevarstaden i Bruknappen
Gjestgjevarstaden i Bruknappen ligg nord i Radsundet, like sør for Festo, ved ein lun, idyllisk våg rett inn frå hovudleia. Både sognejekter og nordfjordjekter hadde sin faste stogg hjå «smeden i Bruknappen»; på veg til Bergen fullasta med ved og hatleband, tønner og skrin, eller på heimtur med byvarer.
Kring 1870 brann bygningane på Bruknappen og det kom opp ein ny hovudbygning like etter. I 1978 brann hovudbygningen på ny og den vart bygd opp att som ein utvendig kopi.
«Dei båtreisande»
Romanifolket som reiste med båt langs kysten vart og kalla «dei båtreisande». Dei segla langs kysten og hadde mange faste hamnere, overnattingsstadar og samlingsplassar langs kysten. Reisa gjennom Alverstraumen og vidare over Fensfjorden var ei av dei strekkjene dei reiste.