Hovdakruno i Ullensvang kommune

Hovdakruno ligg på Hovden, eit utspring 470 meter oppe i lia, ein liten avstikkar frå stien opp på Hardangervidda.

Dagsturhytta Hovdakruno i Lofhus med utsikt til Fjorden
Foto: Jan M. Lillebø

Tilkomst og parkering

Parkering er i sentrum av Lofthus, ved kyrkja eller på idrettsplassen Hordatun.

Stien til hytta

Det tek ein times tid om du går frå sentrum av Lofthus til hytta. Først på veg, deretter skogsveg, og til slutt på sti. Det er bratt, men likevel lett å gå. For å kome til hytta tek du av frå stien som går opp på Hardangervidda. Då går du det siste stykket ut på Hovden, til hytta.

Om området og vidare turmoglegheiter

Du får eit storslått utsyn straks du går framom hytta. Du ser ned på Noregs største frukthage, og frå hytta skal du ha utsikt til minst 12 000 frukttre. Du ser dei i lange rader på turen nedover lia.

Utsynet innover Sørfjorden er unikt og mellom dei mest kjente motiva for bilete av det vakre Vestlandet, med fonn, fjell, fjord og foss. Bak hytta går det bratt opp til det som utgjer ein stor del av Ullensvang kommune, nemleg  Hardangervidda. 

Mange turgåarar heldt fram turen opp mot den gamle ferdavegen til Vidda,  gjennom Munketrappene. Her går du i Dronningstien, panoramaruta mellom Kinsarvik og Lofthus som er profilert gjennom turane til dronning Sonja.