Sjøglytt - Knutepunkt for kunnskap

Dagsturhytta ligg i eit spanande og verdifullt kulturlandskap! Vestland og Rogaland fylkeskommunar har saman etablert prosjektet Knutepunkt for kunnskap. Det nyttar dagsturhyttene som arena for kunnskapsdeling om kulturlandskapet kring hyttene. Her kan du lese meir om området kring Sjøglytt ved å klikke på lenkjene under.

Leitar du etter praktisk informasjon om hytta? 


The cultural history in the landscape around the day trip cabins makes each cabin, and the hike to get there unique. Dagsturhytta should be a place where we can meet and share knowledge with each other. Follow the links below for more information.

Practical information about the cabin.

Kanskje du sitt på verdifull eller spennande kunnskap om historia til landskapet rundt deg? Del gjerne ved å bidra med informasjon til Kulturminnesøk.no. Der kan du bidra ved å leggje inn kulturminne i kartet med ei skildring og ved å laste opp bilde.

Du kan også dele di oppleving i hytteboka!

Kulturminnesøk

Seja står i ei særstilling som øya der eit av dei første bispeseta i landet vart oppretta og som eit viktig religiøst senter i den tidlege kristingsfasen. Legenda om St. Sunniva gav grunnlag for etableringa av benediktigarklosteret og for Selja som pilegrimsmål. Helgenhola på Selja er ein av svært få martyrstadar i Noreg. Artiklane nedanfor gjev deg meir kunnskap om klosterøya Selja.

Selja kloster og helgenanlegg 3D-animasjon (grind.no) 

Kong Olav V i Sogn og Fjordane – bispedømmejubileum i Selje 1968 (Kulturhistorisk leksikon)

Kystpilegrimsleia (pilegrimsleden.no)

Selja kloster (seljakloster.com)

I mellomalderen var St. Sunniva ein av dei tre mest framtredande helgenane i Noreg, saman med Olav den hellige og Sankt Hallvard. St. Sunniva er den einaste kvinnelege norske helgenen. Artiklane nedanfor gjev deg meir informasjon om legenda om St. Sunniva.

Sankt Sunniva (Store Norske Leksikon) 

Den hellige Sunniva av Selja (katolsk.no)

Sunnivalegenden (heimskringla.no)

Selja, den heilage øya som står så sentralt i historia vår, ligg vel ein kilometer vest for fastlandet. Øya er om lag 1,5 kvadratkilometer, og det er mogeleg å gå rundt heile øya. 

Les meir om vegen rundt Selja på Kulturhistorisk leksikon:

Kulturhistorisk leksikon


Selja, the holy island which has such an important place in our history, is situated about one kilometre off the mainland. The island covers an area of about 1.5 square kilometres, and it is possible to walk around the island.

Cultural History Encyclopeidia

Prestegarden på Selje har tradisjonar attende til mellomalderen. I katolsk tid budde presten på garden Bø på Selja men etter reformasjonen vart Hove i dagens Selje sentrum prestegard. Alle husa i tunet på prestegarden er i dag freda og vert brukt som pilegrimssenter. Her kan du lese meir om historia til prestegarden i Selje.

Kulturhistorisk leksikon

Regionalt pilegrimssenter og kulturstove 


The vicarage at Selje has long-established traditions dating back to the Middle Ages. In catholic times, the local priest lived at the farm Bø on Selja. After the reformation, Hove in what is today the center for Selje became the home of the local vicars. 

Cultural History Encyclopedia

 

Selja er ei av fjelløyene langs kysten av Sogn og Fjordane med to karakteristiske fjelltoppar, Varden og Klosterfjellet. Øya er strategisk plassert der den indre og ytre tjodleia langs kysten møttest for så å fylgje same lei forbi Stad.

Dei kulturhistorisk mest interessante områda på Selja er klosteret med helgenanlegg, Heimen med humlegarden, Nordbø med den gamle kyrkjegarden og restane etter grunnmurane til kyrkja og gardsbruka på austsida av øya, samt vegen mellom Bø og klosteret.

I KULA-rapporten (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse) kan du lese meir om området rundt Selja:

Les rapporten (pdf)

I Stad kommune er det to kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse, Selja og Stadlandet. Desse landskapa fortel to ulike historiar om livet her. Områda grensar inn til kvarandre og menneska si historie her er fletta saman. Artiklane nedanfor gjev eit lite innblikk i historia på Stadlandet.

Dragseidet (Kulturhistorisk leksikon)

Vegen over Dragseidet i Selje (Kulturhistorisk leksikon)

Utvalde kulturlandskap i jordbruket (landbruksdirektoratet.no)

«Sanct Svithun»-tragedien og minnekapellet i Ervik

Krigsminne på Hovden i Ervik og på Kjerringa