Miklastofa - Knutepunkt for kunnskap
Området kring Miklastofa har sidan gamal tid vore forma av eit tett samspel mellom gardsdrift, skogbruk og fiske. I Uggdal er det knapt noko anna område med så rike arkeologiske spor etter tidleg busetnad. På Lundo er det funne ei stein med runeliknande teikn, ofte kalla «runesteinen frå Myklestad». Steinen har to ovale figurar som blir tolka som fotsolar, gudinna sine fotspor.
Namnet på dagsturhytta, Miklastofa, er det gamle namnet på garden Myklestad og går attende til mellomalderen. Namnet tyder den store stova, og viser truleg til ei uvanleg stor stovebygning på garden. I ei av tverrveggene i storstova er årstalet 1588 hogge inn, og er truleg byggjeåret. På slutten av 1500-talet hadde Myklestad tingstove, men som tingstad vart Myklestad avløyst av Søreid kring 1600. Trehundre år seinare, i 1910 fekk Myklestad på ny ei sentral rolle då det vart bygd heradshus her.
Den eldste kyrkja i Uggdal sokn sto truleg på Vodlana i Uggdalsdalen, men Myklestad har vore kyrkjestad og sentrum i området dei siste 400-500 åra. Kyrkja som står her i dag vart teken i bruk i 1876, og står på same staden som ei tidlegare tømmerkyrkje.
Kyrkjevatnet var tidlegare viktig for ferdselen til og frå Uggdalsvatnet. Gardane i dalen hadde båtar på vatnet og sjøhus på Eie. Myklestadgardane hadde eigne sjøhus i Uggdalstøo, der folk lenda då dei kom sjøvegen til kyrkja. Her bar dei også lik gjennom Myklestadskogen til kyrkja.