Åsenutsikta - Høyanger kommune
Åsenutsikta ligg på Åsen på Søreide, 325 moh. Her har du fantastisk utsikt mot Søreide, Østerbøvatnet, Fuglsetfjorden og spektakulære Sognefjorden!
Tilkomst og parkering
Åsenutsikta har universell tilkomst – om du vil kan du køyre heilt fram og parkere ved hytta. Følg Sørsidevegen til bygda Søreide. Her skal du ta av til Solnipavegen. Du kan parkere ved sjøen/kaia. Følg så videre skogsbilvegen til du kjem til Vårstølen. Her kan du velje å følge skogsbilvegen heilt fram, eller følge blåmerka sti frå Vårstølen til hytta. Har du båt, kan du benytte deg av gjestebygga på Søreide.
Avstandar
Gåturen frå Søreide er ca 2,5 km lang og tek om lag 45 minutt i moderat tempo. Stien frå Vårstølen til Åsenutsikta er 750 meter lang. Her går du i bjørkeskog og videre gjennom gammel furuskog.