Havglimt i Stad kommune
Hytta ligg i Lia på Stadlandet, og har unik utsikt utover Vanylvsgapet mot Stadhavet og mot store delar av Sunnmøre.

Tilkomst og parkering
Turen startar frå Stadlandet skule og opplæringssenter i Leikanger. Der er stor parkeringsplass.
Stien til hytta
Følg skiltinga forbi fotballbana og hald fram oppover byggefeltet til den siste svingen. Der er det skilta til høgre og følg vidare den tydelege stien oppover. Etter 400 meter kjem du til eit utmarksgjerde med grind, og her dreiar stien austover igjen og litt nedover på oversida av gjerdet. Gå over brua ved Sandeelva oga ta så stigning på god sti oppover mot hytta. Ved brua kan du skimte dagsturhytta oppe i horisonten.
Om området og vidare turmoglegheiter
Stadlandet med sitt opne, skoglause landskap med dei bratte klippene ned mot det vêrharde Stadhavet, er eit av dei mest særmerkte kulturlandskapa i Vestland. For å unngå det farlege sjøtrekket var det i eldre tider vanleg å trekkje båtane over land ved Dragseidet. Stadlandet er også fiskarbonden sitt landskap, der både bygningsmiljø og kulturlandskap med strukturar knytt til fiske og jordbruk er godt bevart.
Frå den naturlege høgda ved dagsturhytta Havglimt, Lia, går det sti vidare til Lundabrekkhornet (361 moh.). Tek du vidare med deg svippturen om Geitahornet (476 moh.) kan du ta turen til dagsturhytta Havglimt som ein rundttur i dette unike kystlandskapet.