Austrheim kommune - Vardetangen
Dagsturhytta i Austrheim er plassert på Vardetangen, og har fått namnet Vardetangen, Noregs vestlegaste fastlandspunkt.
Tilkomst og parkering
For å gå til dagsturhytta Vardetangen kan ein parkera ved Årvika eller ved Vardetangen. Følg skilt til parkering som kjem i krysset ved Tresvikvegen 68.
Stien til hytta
Sien frå parkeringsplass ved Vardetanger er grusa og kan nyttast av barnevognar og rullestolar. Alternativ tilkomst er frå Årvika kor ein går på grusa sti. Denne stien har ein bakke som kan vera utfordrande for rullestol/rullator, men med barnevogn bør det gå bra så lenge ein er forsiktig.
Avstandar
Frå Vardetangen er det ca 900 meter med grusveg som passar for alle.
Frå Årvika er det ca 1,5 km med grusa sti.