Anleggspolitikk og kriterium for tildeling av spelemidlar

Vestland fylkeskommune skal fordele mellom 200-250 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv årleg. Anleggpolitikken og kriteria ligg til grunn for korleis midlane blir fordelte.

Visjonen i arbeidet med fysisk aktivitet og idrett i fylkeskommunen er "fysisk aktiv kvar dag", og det gjeld også her.

Spelemidlane gjer fylkeskommunen i stand til å gjennomføre anleggspolitikken i godt samspel med kommunane og organisasjonane for blant anna idrett og friluftsliv. Anleggsutvikling er eit særs viktig verkemiddel for å få folk i aktivitet, og det er innbyggjarane sine behov for aktivitet som skal liggje til grunn for kva anlegg som skal byggast.

Anleggspolitikken til fylkeskommunen gjev også føringar for anleggspolitikken til kommunane i Vestland.

Handlingsprogram

I handlingsprogrammet er det ulike tiltak som skal vere til hjelp for å kunne realisere god anleggsutvikling i Vestland. Her blir det også peikt på at det er mange ulike aktørar som har eit ansvar for å gjennomføre tiltaka for å nå visjonen «fysisk aktiv kvar dag»: fylkeskommunen, kommunar, idretten, friluftsorganisasjonar og ulike kompetansemiljø.

Om ein ønskjer å få tilsendt dokument knytt til anleggspolitikken kan ein ta kontakt.