Trafikkdata
Trafikkdata
Geodata har ansvaret for trafikkregistrering og ÅDT-tall på fylkesvegane.
For dette har vi kontinuerlig registrering på i overkant av 150 målepunkt for køyretøy og nokre for sykkel. Data frå desse finn du på trafikkdata.no.I tillegg har vi som grunnlag for ÅDT-belegging periodiske registreringar frå kring 500 målepunkt.
VegVær
Vi har og 25 VegVær stasjonar ved fylkesvegane i Vestland fylke.
Desse stasjonane leverer sanntidsdata om værforhold på vegen på utvalgte stadar. Alle er utrusta med kamera og sensorar for måling av lufttemperatur, luftfuktigheit, vegbanetemperatur og nedbør. Nokre av stasjonane har og måling av andre parameter som til dømes vind eller snødjupne.
Data frå alle stasjonane kan finnast på 175.no