Søk om fråvik frå vegnormal

Av ulike grunner kan det være riktig å fråvike krav i vegnormal.

For privat og offentleg reguleringsplanar som omfattar fylkesveg, skal søknad om fråvik frå vegnormalane være ferdig sakshandsama før planen vert lagt ut på offentleg ettersyn.

Krava kan ikkje brytast utan at fråvik er innvilga. Fråvik handsamast i ein formell søknadsprosess kalla fråvikshandsaming, og søkaren må få godkjenning av relevant fråviksmyndigheit før fråviket kan nyttast i planlegginga.

Alle søknader om fråvik som gjeld fylkesveg skal sendast til Vestland fylkeskommune. Det gjeld også der Vegdirektoratet er fråviksmynde, kor fylkeskommune handsamar søknaden først før det vert vidaresendt til Vegdirektoratet.

Fråviksmynde
Fylkeskommunane er fråviksmynde for «skal»-krav i vegnormalane for fylkesvegane, men med nokre unntak:

  • For vegnormalane N300, N301, N302, N303, N400 og N401 er Vegdirektoratet fråviksmynde på fylkesvegane.
  • For verkeområdet bru og andre bærande konstruksjonar på fylkesveg, har Vegdirektoratet også fråviksmyndigheita for N100, N101, N200 og N500 og N601, jf. bruforskrift for fylkesveg.

     

Bildet viser eit skjema med oversikt over kven som er fråviksmyndigheit fordelt på vegmyndigheit. Sjemaet seier noko om kven som bestemmer på dei ulike vegane.

 

Avklaringar før fråvikssøknad
For nokre vegnormalar er det behov for ei avklaring med relevant fagområde før ein sender inn fråvikssøknad. Denne avklaringa skal vere skriftleg og skal vere vedlagt fråvikssøknaden. Det er behov for avklaring ved:

  • Søknad om fråvik frå N300, N301 N302
    Søknader om fråvik frå vegnormal N300, N301, og N302 skal avklarast med skiltmyndigheita Statens vegvesen før det vert sendt inn fråvikssøknad.
  • Søknad om fråvik frå N400 og N401
    Søknad om fråvik relatert til brukonstruksjonar skal sendast til bruforvaltar i Vestland fylkeskommune på e-postadressa bru.og.kai@vlfk.no for avklaring.
    Søknad om fråvik relatert til bærande konstruksjonar skal avklarast med Vegdirektoratet.
  • Søknad om fråvik frå N500, N601 og tunnelsikkerheitsforskrifta
    Fylkeskommune er fråviksmynde på N500 og N601 for fylkesvegane, men skal det søkjast fråvik som bryter med tunnelsikkerheitssforskrifta, så skal det avklarast med Vegdirektoratet på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Dette for å sikre at fråviket ikkje kjem i konflikt med sikkerheitsgodkjenninga som skal utførast av Vegdirektoratet.

Vår sakshandsaming
Fråvik handsamast av ei fråviksgruppe i Vestland fylkeskommune som møtast ein gong i månaden. Der søknad som skal vidare til Vegdirektorat for endeleg godkjenning må det påreknast lengre sakshandsamingstid.