Søk om grave- og framføringsløyve

Skal du grave over, under eller langs ein fylkesveg for å legge kabel eller røyr? Da treng du graveløyve frå Vestland fylkeskommune.

Søknadsplikt

Alle som ynskjer å legge leidningar over, under, langs eller nærare fylkeskommunal veg enn 3 meter må søke om grave- framføringsløyve. Dette gjeld om leidningseigar er privatperson, privat selskap eller offentleg etat. 

Det er søknadsplikt etter veglova § 32§ 57 og leidningsforskrifta.

Når må ein søke?

Krav til grave- og framføringsløyve slår inn viss leidningsanlegget blir plassert

Innanfor 3 meter frå vegkanten, uavhengig av kven som eig grunnen. 

  • Innanfor eigedomsgrensa til fylkesvegen.

Arbeidsvarslingsplan

I tillegg til å søkje om grave- og framføringsløyve må du sørge for å ha godkjent arbeidsvarslingsplan. Denne vert handsama av Statens vegvesen. Grave- og framføringsløyvet skal vere godkjent før du søkjer om å få godkjent arbeidsvarslingsplan. Hugs å leggje ved godkjenningsbrevet for graving/framføring i søknaden til Statens vegvesen.

Søknad om fellesføring i fylkeskommunalt luftspennsanlegg


Ved etablering av leidningsanlegg i fylkeskommunalt luftspennsanlegg er det krav om Avtale om fellesføring og framføringsløyve etter veglova § 32. Avtale om fellesføring skal vere inngått og signert før ein søker om framføringsløyve.

Søknad om fellesføring sendast til post@vlfk.no og skal vere markert med «søknad om fellesføring i luftspenn». Vedlagt søknaden skal det ligge informasjon om vegreferanse, kva stolpar det gjeld og eit kart som viser traséen. Søkar vil deretter bli tilsendt eit avtaleskjema for signering viss tiltaket vert godkjent. Fellesføring er gebyrregulert.

Etter at ein eventuell fellesføringsavtale er inngått og signert, skal det søkjast om framføringsløyve etter veglova § 32 der avtalen skal liggje vedlagt søknaden.

For hjelp med søknaden, sjå Veilder til leidningsforskriften. Her kjem det også fram kva dokumentasjon som skal leggjast ved søknaden.

Søknad om løyve skal skje via elektronisk søknadsskjema innan rimeleg tid før planlagt oppstartdato.

I søknad om løyve skal det kome fram kva planar som ligg føre, med nødvendige kart og skildringar av det planlagde arbeidet. Søknaden skal vidare innehalde namn på leidningseigar, kontaktperson hjå leidningseigar samt namnet på eventuell utførande entreprenør.

Ved leidningsbrot kor det er trong for rask utbetring er det tilstrekkeleg at Vegtrafikksentralen (telefon 175) vert varsla munnleg. Søknaden skal så snart som mogleg verte gjort skriftleg. Krav til arbeidsvarsling gjeld. 

Om arbeidet involverer brukonstruksjoner, sjå Krav til framandinstallasjonar på bruer for meir informasjon. I søknad skal det leggjast ved prinsippskisse og/eller bilete som viser plassering av installasjonen.