Søk om serviceskilt og skilt til verksemder
Du må søke om løyve til å sette opp serviceskilt eller verksemdvisning til di verksemd langs fylkesvegen.
Dette kan du søke om
- serviceskilt. Serviceskilt har til hensikt å fortelje trafikantane om servicetilbod som ligg like ved vegen du ferdast på.
- verksemdvisning til di verksemd langs fylkesveg. Verksemdvisning har til hensikt å hjelpe trafikantane med å finne frem til verksemder i området langs vegen.
Kven kan søke
Verksemder og organisasjonar.
Dette må du ha med i søknaden
- kven som er søkar
- organisasjonsnummer
- kart med plasseringa til servicestaden i høve fylkesvegen
- type verksemd
- ønska symbol og tekst
- avkøyrsel og parkeringsareal er godkjend
Alle skilt som skal nyttast til serviceskilt og verksemdvisning skal utformast etter reglene i handbok N300, og du kan berre bruke symbol som er del av skiltforskifta. Bedriftslogoer og spesielle skrifttyper skal ikkje nyttast.
Vegnormal N300 Trafikkskilt: Serviceskilt og verksemdsvisning
Korleis vurderer vi søknaden
Det er fleire vilkår som må vere oppfylt for å få innvilga skilting, både generelle vilkår og særlege vilkår knytt til det enkelte skilt.
Dersom vi meiner det er grunnlag for å skilte, sender vi saka vidare til Statens vegvesen for vedtak.
I nokre høve er det krav om eigenandel for serviceskilt og verksemdvisning, jf. skiltforskrifta § 39 og 40.