Fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen, skredsikring Tokagjelet

Dagens fylkesveg 49 gjennom Tokagjelet er svært skredutsett. Skredfaren medfører risiko for tap av liv og helse for stengt veg. Dette kan få konsekvensar for samfunnstryggleik og beredskap og framkomme på vegen. Fylkeskommunen skal utarbeide reguleringsplan for gjennomføring av skredsikring av Tokagjelet. Prosjektet strekker seg frå Steinsdalen i Kvam herad til Eikedalen i Samnanger kommune.

Om prosjektet

Planarbeidet handlar om ny tunnel på ca 10 kilometer frå Steinsdalen i Kvam herad til Eikedalen i Samnanger kommune. Det blir planlagt for gang- og sykkelveg mellom Teigabergtunnelen og Fossenbratte i Eikedalen. Arbeidet med tunnelen gir store mengder overskotsmassar. I planarbeidet skal ein ta med område til massedisponering, og område for mellombels bygge- og anleggsområde.

Fakta

Fase: Reguleringsplan
Veg: Fv. 49
Område: Kvam og Samnanger
Kostnad: 1,9-3,1 mrd. kronar

Oppstart på reguleringsplan

Ble sendt ut i juni 2023

Arbeid med reguleringsplan

Arbeidet foregår fram til planforslag skal vere klart til sommaren 2024. Forslaget blir deretter sendt til Kvam og Samnanger kommune til politisk handsaming

Forslag til reguleringsplan

Forslag til reguleringsplan til høyring og offentleg ettersyn tidleg haust 2024

Arbeidet med reguleringsplanen er i gang

Dagens fylkesveg 49 gjennom Tokagjelet er svært skredutsett. Fylkeskommunen skal utforme reguleringsplan for gjennomføring av skredsikring av Tokagjelet . 

Prosjektet strekker seg frå Steinsdalen i Kvam herad til Eikedalen i Samnanger kommune .
 

Har du innspel og synspunkt eller andre relevante opplysningar til kontakt med prosjektleiar og/eller planleggingsleiar.

Kart med skrevert område og stiplet linje
PLANOMRÅDE: I dette område er foreslått ein 10 kilometer lang tunnel mellom Steinsdalen og Eikedalen.

 

Relatert informasjon

Arbeidet kan bli oppstykka som fylgje av mellom anna fleire fridagar i mai. Framdrifta er også avhengig av kor mange arkeologiske kulturminne som eventuelt blir påvist.

I samband med reguleringsplanarbeidet for fv.49 er fylkeskommunen lovpålagt å gjennomføre arkeologiske undersøkingar innafor planområdet. Jf. kulturminnelova § 9 og 10.

Høgt potensiale for funn

Det er potensiale for funn av automatisk freda kulturminne i planområdet. Planområdet si høgde over havet og topografiske høve indikerer potensiale for funn av buplassar og aktivitetsstader frå steinalderen. I dyrka mark er det potensiale for funn av åkrar og gardstun frå bronse-, jern- og mellomalder.

Korleis gjer vi det?

Ved gjennomføring av registreringa skal vi nytte metodane overflateregistrering, prøvestikking og maskinell flateavdekking med gravemaskin.

I område kor vi reknar med funn av synlege kulturminne blir det leita på markoverflata. Med desse metodane kan det lokaliserast kulturminne med eller utan synlege spor på markoverflata. Ved prøvestikking vert det grave prøveruter på omlag 40x40 cm ned til steril undergrunn.

Bruk av gravemaskin

Maskinell flateavdekking blir nytta til å påvise automatisk freda kulturminne i noverande og tidlegare dyrka mark. Med gravemaskin blir lag med mold fjerna ned til undergrunnen eller til uforstyrra lag med funn av førhistoriske spor. Slike spor er stolpehol og veggriller etter gardshus, kokegroper og eldstadar, gardspor og åkrar etter førhistorisk dyrking i bronse-, jarn-, og mellomalder. Graver utan synleg markering på markoverflata kan også finnast. Ved registreringa blir det opna opp søkesjakter i kring tre meters breidde og i varierande lengde, omfanget av desse undersøkingane vert avklara på staden.

Kva om det kjem skade på eigedomar?

Dersom undersøkingane medfører skade på eller ulempe for eigedomar, har grunneigar krav på erstatning. Vi legg til grunn at køyring med beltekøyretøy(gravemaskin) vil redusere avlingane på areala det blir køyrt på. I tillegg kjem sjølve områda som ein vel å undersøkja med flateavdekking. Når vi er ferdige med undersøkingane vil vi ta kontakt med aktuelle grunneigarar for å bli einige om erstatning for det tapet ein eventuelt får. Typisk vil økonomisk tap knytta seg til tapt avling og kostnader med pløying, harving, såing o.l.

Har du spørsmål?

Ved spørsmål om undersøkingane eller anna viktig informasjon som vi treng, kan du ta kontakt med:

Seksjon for kulturarv (spørsmål knytt til dei arkeologiske undersøkingane)
Siv Skjelbreid Rise, tlf: 909 17 084, e-post: siv.skjelbreid.rise@vlfk.no

Planleggingsleiar (generelle spørsmål om planprosjektet)
Kari Veseth Kinden, tlf: 957 39 184, e-post: kari.veseth.kinden@vlfk.no

Grunnervervar (spørsmål i forhold til skader og erstatningsansvar)
Ole Simen Nesdal, tlf: 996 07 677,  e-post: ole.simen.nesdal@vlfk.no

 

Publisert 26. mars 2024

Vestland fylkeskommune tilrår ein tunnel som skal munna ut aust for Lid Jarnindustri i Steinsdalen i Norheimsund.

På det opphavelege alternativet B1 som var tilrådd i kommunedelplanen låg innslaget lengre vest i Steinsdalen.

Betre trafikkforhold

-Alternativ B1 vil vere veldig komplisert å bygge. Det nye alternativet vil gje betre trafikkforhold i anleggsfasen og gi mindre støy både i anleggsfasen og når ny veg er på plass. I tillegg vil det  ikkje vere naudsynt med omfattande omkøyringsvegar. På det opphavelege alternativet B1 som var tilrådd i kommunedelplanen var det ein del utfordringar knytt til desse forholda, seier Wilhelm Lund som er prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Det tilrådde alternativet er ein justert variant av alternativ A5 frå kommunedelplanen, men vil gje betydeleg mindre inngrep på dyrka mark.

Dialog med innbyggarar

Alternativet dei no tilrår å gå vidare med er også spelt inn frå lokalbefolkninga.

-Vi har har vore i dialog med innbyggarar som blir råka av dette, og dei som har høg interesse av ny veg gjennom Tokagjelet. Så langt har vi hatt ein kontordag i samband med oppstart av planarbeidet. I tillegg er det viktig med medverknad undervegs, og på prosjektet sine nettsider har folk hatt høve til å komma med innspel til planarbeidet. Grunneigarar og andre som vert direkte råka av det nye tilrådde alternative har vi kontakta og dei har har fått informasjon frå oss om arbeidet, seier Lund.

Forslag til hausten

Prosjektgruppa vil arbeide vidare med planforslaget med mål om ferdig forslag til reguleringsplan sommaren 2024. Forslaget blir deretter sendt til Kvam og Samnanger kommune til politisk handsaming. Forslag til reguleringsplan til høyring og offentleg ettersyn tidleg haust 2024.

Kart som visar veg og mark og med strekar på.

TILRÅDING: Her tilrår dylkeskommunen at tunnelen kjem ut i Steinsdalen. Gule strekar visar ny fylkesveg. llustrasjon: Vestland fylkeskommune.

Sjå kartillustrasjon i fullversjon

 

 

Publisert desember 2023.

Kontaktpersoner

Hans Kristian Dolmen

Planleggingsleiar

Cathrine Spook

Prosjektleiar