Har du innspel til planarbeidet?
Vestland fylkesommune ønsker dine synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar i planarbeidet knytt til Sperrevikvegen. Her er det er mogleg å teikne på kartet, alternativt å leggje ved filer som du har liggjande. Alle innspela vil bli registrert og teke med vidare i prosessen.
Gje dine innspel til planarbeidet gjennom vår nettbaserte løysing innan 31. mars 2025.
Når det er laga eit utkast til reguleringsplan, blir det arrangert eit ope møte og/eller ein kontordag for dei som er interessert eller berørt av arbeidet. Vi vil legge fram planutkastet. Etter dette blir reguleringsplanen gjort ferdig og lagt ut til offentleg ettersyn.
Gang- og sykkelveg mellom Sperrevik sør – Nordstraumen (delstrekning 3)
Sperrevikvegen er ein skuleveg som i dag manglar tilbod til mjuke trafikantar. Måla med prosjektet er å auke trafikktryggleiken for mjuke trafikantar. Det blir viktig å sørge for at barn og unge på eiga hand kan ta seg fram mellom heim, skule og idrettsanlegg langs Sperrevikvegen. Ved å etablere eit eige tilbod for denne trafikkgruppa i form av fortau/ gang- og sykkelveg, slepp dei å bruke køyrebana langs strekningar.
Kompensasjon for bompengar
I samband med bygging av E39 Svegatjørn-Rådal blei det bestemt å opprette ein bomstasjon på fv. 5158 ved kommunegrensa mellom Bergen og Bjørnafjorden kommune. Som kompensasjon for bompengar blei det sett av midlar til tiltak på fylkesvegen for tryggare veg, gang- og sykkelveg og vurdering av mindre tiltak.
Tiltak for mjuke trafikantar
I 2022 vart det utarbeida eit forprosjekt i regi av Vestland fylkeskommune der det blei kartlagt kva tiltak ein bør gjere langs vegen. Utgreiinga fokuserte på tilhøva for mjuke trafikantar og tiltak for å betre tilhøva. Det blei og sett på kva ein kunne gjere for å få til eit mest mogleg samanhengande tilbod for mjuke trafikantar mellom Nordvikvegen og Lyseklostervegen. Trygge plassar for å krysse vegen samt haldeplassar for buss ble også vurdert. Det blei peikt på sju moglege tiltak/delstrekningar.