Datafangst (NVDB)
Datafangst er eit web-basert system for innsending, kontroll, redigering og direkte registrering i NVDB (Nasjonal vegdatabank). Systemet tek imot GPS-stadfesta data for alle vegobjekt konstruert eller endra under eit vegbyggings- eller drift- og vedlikehaldsprosjekt.
Entreprenør er pålagt å levere data frå vegprosjekt til fylkeskommunen for registrering i NVDB, samt endra data og sletting av gamle data. Levering skjer ved opplasting av sosi-filer direkte i Datafangst, eller gjennom Datafangst sitt skriv-API ved bruk av feltregistreringsverktøy.
Dataene blir automatisk validert mot NVDB datakatalogen og gir med det same ei tilbakemelding på feil og/eller manglar i leveransen. Data frå entreprenør må gjennom kvalitetssikring og etterbehandling før NVDB kan oppdaterast. Geodata hjelper til i dette arbeidet. Når entreprenør har retta opp alle feil/manglar, og byggeleiar har godkjent at leveransen tilsvarar «som bygd», vil dataforvaltar hjå geodata gjera den endelege registreringa i NVDB.
Dataforvaltar stadfestar alle objekt til rett veg, koplar saman mor-dotter-objekt, og utførar sletting av gamle data før oppdatering av NVDB.
Brukerettleiing Datafangst:
https://www.vegdata.no/datafangst/brukerveiledning-til-datafangst/brukerveiledning-datafangst/