Ventetid ved Seimsdalstunnelen

Varselet gjeld: 02.07.2024-06.07.2024

I neste veke kan det bli noko ventetid på fv. 5633 i Seimsdalen grunna arbeid på fangnettet over tunnelportalen. Dette gjeld både for gang-/sykkel- og bilvegen.

Arbeidet startar tysdag 2. juli og varer til og med laurdag 6. juli, med arbeidstid frå kl. 07.00-19.00. Dei som skal til og frå Seimsdalen må pårekne inntil 15 minutt ventetid.

Seimsdalstunnelen på fv. 5633 i Årdal.
Seimsdalstunnelen på fv. 5633 i Årdal.