Uoversiktleg kryss i Sogndal skal bli tryggare

Krysset der vegen til Rutlin møter fv. 5613 Dalavegen skal utbetrast. I anleggsperioden blir det einvegskøyring, og krysset vert stengd for syklande og gåande.

Muren skal flyttast lengre inn slik at sikten blir betre og krysset tryggare.
Muren skal flyttast lengre inn slik at sikten blir betre og krysset tryggare.

Dagens situasjon i området er ikkje god, med dårleg sikt når ein kjem frå Rutlin og skal ut på  fylkesvegen. Ved å flytte muren og utvide krysset, skal sikt og trafikktilhøva bli betre både for mjuke trafikantar og bilar.

Arbeidet startar i midten av august, eit par veker før skulestart. Fortauet som går gjennom anleggsområdet blir stengd for gåande og syklande, og det betyr at nokre må velje andre ruter enn dei er vande med. Prosjektet skal vere ferdig innan november.

– God informasjon til skule, foreldre og born i området blir viktig. Vi håpar foreldra vil sette seg inn i endringane, og gjerne gå vegen til skulen ilag med borna før skulestart, seier Trond Gjerland, byggjeleiar i Vestland fylkeskommune.

Gåande og syklande som enten kjem nedover Dalavegen, eller frå Rutlinslid, vil bli omdirigerte ved skilt. 

Slik blir dei nye rutene for mjuke trafikantar i anleggsperioden:

Oversiktsbilde som viser vegar og bygningar i ormrådet rundt Rutlin. Innteikna er ruter i ulike fargar som viser kva vegar som er stengt, kva som er opne ruter.
Stipla, raud strek viser vegane som er stengde for gåande og syklande.

Vegen opp til Rutlin blir einvegskøyrt for mindre bilar. Store bilar, til dømes varelevering, kan snu og køyre nedatt same veg. Andre køyretøy kan køyre opp til Rutlin, men når dei skal ut, må dei køyre vidare oppover til Rutlinslid og ned Leitevegen for å komme til sentrum. Bommen mellom Rutlin og Rutlinslid blir opna i anleggsperioden. 

– Vi vil ha minst mogleg trafikk langs Rutlinsvegen, men dei som har tilkomst til eigedomane skal sjølvsagt ha tilgang, seier byggjeleiaren.

Anleggsarbeidet vil også påverke trafikken i Dalavegen. Forbi krysset vil det eine køyrefeltet bli stengd. Her gjeld eigne vikepliktsreglar, der dei som kjem ovanifrå har vikeplikt for dei som kjem nedanifrå. 

– Vi gjer det slik for å unngå at det oppstår kø utanfor brannstasjonen som ligg lengre nede i Dalavegen. 

Byggeleiaren forstår at det kan vere tungvint å måtte endre vanane sine, men håpar alle respekterer skilta slik at vi unngår farlege situasjonar mellom mjuke trafikantar og anleggsmaskiner.

– Vi reknar med at det kan bli noko forvirring dei første dagane, men vi trur dette vil gå seg til så snart trafikantane lærer seg dei nye rutene, seier Gjerland.