Rapportering og utbetaling - FORREGION Vestland
Alle som har fått støtte frå FORREGION Vestland må gå til regionalforvaltning si nettside når dei skal rapportere og be om utbetaling. Sluttdato og vilkåra for tilskotet er å finne i tilsegnsbrevet frå Vestland fylkeskommune til søkjarbedrift/organisasjon.
Rapportering og utbetaling
Seinast innan tre månadar etter at prosjektet er avslutta, skal du sende sluttrapport og rekneskap, samt be om sluttutbetaling gjennom www.regionalforvaltning.no.
Skjema for sluttrapport og utbetaling finn du i regionalforvaltning.no. I tillegg må du laste opp eit rekneskapsrapportskjema - etter mal som er lagt ut her.
Du kan søkje om forlenga frist for sluttrapportering ved å sende e-post til: Siri.Hanson@vlfk.no før godkjend sluttdato for prosjektet.
Delutbetaling
tilsegnsmottakar kan få delutbetaling ved å oppmode om dette gjennom regionalforvaltning.no. Sjå gjennom tilsegnsbrevet for nærmere informasjon om dette.
Brukarnamn og passord til regionalforvaltning.no
- Har du fått støtte til «Forprosjekt» eller «Forskar til låns» finn du også informasjon om pålogging til regionalforvaltning.no i tilsegnsbrevet.
- Har du fått støtte til «»FoU-møte» eller «Opphald i forskingsorganisasjon» nyttar du brukarnamn og passord som du brukte ved oppretting av søknaden.