Søk om støtte til forprosjekt
Eit forprosjekt i FORREGION Vestland skal vere eit innleiande forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt). Bedrifter i Vestland med lita eller inga forskingserfaring kan søke.
For å få behandla søknaden din i 2024, må vi ha søknaden din seinast 1. oktober. Då vil du få svar på søknaden din ca. 1. november 2024.
Maksimal støttegrad er no auka frå 50 prosent til 70 prosent, innanfor ramma av statsstøtteregelverket. Endringane ble vedtatt i hovudutval for næring 27. august 2024.
Om tilskotsordninga
Bedrifta må samarbeide med ein godkjend forskingsorganisasjon. Bedrifta må ha ambisjon om at forprosjektet skal føre til vidare arbeid med forsking.
Du må i søknadsprosessen ha kontakt med ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland. Dette er ei gratis teneste. Kompetansemeklaren kan hjelpe med identifisering og konkretisering av tema for forprosjetet, basert på dei utfordringar som bedrifta fremjar. Dei vil også kunne gi råd om formelle krav til søknadsutforming, budsjettering og oppsett av sjølve søknaden. Dei tilbyr støtte og hjelp. Søkjar bestemmer sjølv kor mykje kompetansemeklaren skal vere involvert i søknadsarbeidet.
Prosjektideen må ha som mål å utvikle ein innovasjon som kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland.
Så mykje kan bedrifta søkje om
Bedrifter i Vestland fylke kan søkje om støtte på inntil kr. 400 000,- til å starte arbeidet med eit FoU-prosjekt. Minst 70 prosent av støtta skal gå til å finansiere innsatsen til forskingspartnaren. Bedrifta må stille med minst 30 prosent eigenfinansiering av samla prosjektkostnader. 28.08.24 ble støttegraden vedtatt utvidet fra 50 prosent til 70 prosent. Maksimal støttegrad på 70 prosent gjeld berre dersom bedrifta oppfyller vilkåra i statsstøtteregelverket, som set grenser avhengig av bedriftas størrelse og støtteformål.
Du må gjennomføre prosjektet i samarbeid med ein godkjend forskingsorganisasjon. Kompetansemeklaren kan hjelpe med å finne dei rette forskarane til ditt prosjekt.
Bedrifta di kan berre sende søknad etter dialog og rettleiing frå ein kompetansemeklarar.
Kva er eit forprosjekt og korleis søkjer eg?
- Prosjektet du søker støtte til, må vere eit samarbeid mellom bedrifta di og minst ein godkjend forskingsorganisasjon.
- Bedrifta må ha en ambisjon om at arbeidet skal føre til vidare forsking. Forprosjektet bør være ei førebuing til å delta i andre finansieringsordningar for forsking, til dømes Regionalt forskningsfond Vestland, Forskningsrådet eller Horisont Europa.
- Prosjektsøknaden må ha informasjon om den planlagde innovasjonen som forskinga skal bidra til å utvikle.
- Prosjektet kan få inntil kr. 400 000,- i støtte.
- Minimum 70 % av støttebeløpet skal gå til innkjøp av tenester frå ein godkjend forskingsorganisasjon.
- Bedrifta må bidra med minimum 50 % av godkjente prosjektkostnader i eigenfinansiering.
- Prosjektet varar i 4 – 12 månadar
Kompetansemeklaren kan gi nærare informasjon om krava til søknaden, og hjelpe bedrifta i arbeidet med å etablere prosjektet i tråd med dei reglar som gjeld.
Kva kan vi gi støtte til?
Følgjande kostnader kan inngå i prosjektet:
- personal- og indirekte kostnader hos bedrifta
- innkjøp av FoU-tenester fra godkjente forskningsorganisasjoner
- andre driftskostnader
Støtte vert gitt etter kategoriane industriell forsking eller eksperimentell utvikling i statsstøtteregelverket. Du finner nærare beskriving av kva dette betyr i Gruppeunntaksforordning artikkel 25.
Korleis søkje
Bedrifter som vil søkje om støtte til forprosjekt må først etablere kontakt med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland.
Kompetansemeklaren hjelper bedrifta med kvalitetssikring før innsending av søknaden gjennom Regionalt forskingsfond Vestland sin søknadsportal.