Kjønnsbalanse og likestilling i forsking

Det er viktig med betre og meir treffsikker forsking med fokus på likestilling og kjønnsbalanse.

Kjønnsbalanse

Ein prosjektgruppe bør ha som mål frå starten å vera bevist på kven som deltek i eit forskingsprosjekt for å sikre god kjønnsbalanse. Likestillingslova definerer kjønnsbalanse med minimum 40 prosent av kvart kjønn representert i prosjektet.

Kjønnsbalanse i leiarstillingar i forskingsteam kan bli vurdert som eit kriterie i forskings- og innovasjonsprosjekt. Forsking viser også at bedrifter som legg vekt på kjønnsbalanse, mangfald og likestilling er meir konkurransedyktig.

Kjønnsperspektiv

I motsetning til kjønnsbalanse i forskingsgrupper, handlar kjønnsperspektiv om korleis kjønn blir påverka av innhaldet i forskinga. Kjønnsperspektiv vil ikkje vera relevant i alle prosjekt, men ei vurdering knytt til tema, problemstilling, målgruppe og resultat, er nødvendig. I nokon tilfelle vil kjønnsperspektiv vera eit krav og gi konkurransefortrinn ved vurdering i søknadsbehandling. Ein kan risikere at kunnskapen svike ved eit fråvær av kjønnsperspektiv i forsking.

Les meir om kjønnsperspektiv i forsking her(PDF).

Rigg prosjektet med kjønnsbalanse som mål ved å invitera både kvinner og menn til å delta i:

  • Idémyldring
  • Prosjektutvikling
  • Forskingsgruppe
  • Referansegruppe
  • Arbeidspakkeleiarar

Vurder hvordan kjønnsperspektiv kan styrke innholdet

  • Still spørsmål: kven blir påverka av prosjektet?
  • Korleis kan prosjektet fange inn mangfald blant brukarar?
  • Involver brukarar av begge kjønn
  • Spør en kjønnsforskar om hjelp til hå identifisere korleis kjønnsperspektiv kan styrkja prosjektet.