Tilskot til livskvalitet og sosial utjamning

Målet med tilskotsordninga er å betre livskvaliteten, styrke deltakinga i samfunnet og fremje sosial inkludering og integrering for innbyggarane i Vestland. Ordninga skal bidra til at fleire kan vere med i fellesskapet.

Gjennom tilskotsordninga samlar vi fleire tidlegare ordningar:  

  • Tilskot til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak 
  • Tilskot til ABC for god psykisk helse 
  • Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom, unge vaksne og eldre 

Har du mottatt tilskot frå ei av desse ordningane tidlegare (før 2026) skal du rapportere for midlane via dei gamle rapportskjema. Du finn desse samla på denne nettsida.  

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 30. april 2026. Søknadsskjema blir publisert omlag ein månad før søknadsfristen.   

Ordninga skal bygge opp under målet – Vestland er eit inkluderande fylke med trygge, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile fylket og strategi 6 "Vestland skal styrke innsatsen for å redusere sosial ulikskap og utvikle eit mangfaldig og inkluderande samfunn" i utviklingsplanen for 2024–2028.  

Målet med tilskotsordninga er å betre livskvaliteten, styrke deltakinga i samfunnet og fremje sosial inkludering og integrering for innbyggarane i Vestland. Ordninga skal og bidra til at fleire kan vere med i fellesskapet.

Tilskotsordninga skal 

  • bidra til betre integrering og inkludering 
  • bygge ned barrierar som stenger for brei samfunnsdeltaking 
  • stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar 
  • legg til rette for meiningsfull aktivitet og lågterskel deltaking 
  • bidra til fellesskap og styrke livskvalitet og psykisk helse 

Målgrupper er innbyggarane i Vestland,  spesielt eldre, barn og unge og minoritetar. 

Kven kan søke om støtte?

  • kommunar i Vestland 
  • regionale ledd av frivillige lag og organisasjonar som er oppført i Frivilligheitsregisteret 
  • andre relevante aktørar kan vurderast 

Søkar må ha primæraktivitetane i Vestland. Tilskotet skal gå til aktivitetar i Vestland og tiltaket må ha overføringsverdi til andre.  

Verksemder med profittføremål kan ikkje få tilskot gjennom ordninga. 

Dette støttar vi

  • prosjekt og tiltak som gjer det enklare for målgruppa å vere aktive i lokalmiljøa.  
  • tiltak som stimulerer til at ein gjer noko aktivt og meiningsfullt saman. Med aktivitet meiner vi både å vere fysisk, mentalt og sosialt aktiv. 
  • tiltak som bidrar til nedbygging av barrierar for deltaking 
  • tiltak og prosjekt som har regional verdi (til dømes overføringsverdi, regionalt nedslagsfelt og regionalt samarbeid) 

Døme på tiltak: Arrangement, aktivitetar, møteplassar, rekruttering av nye deltakarar og målgrupper. 

Vestland fylkeskommune prioriterer søknader som inneheld 

  • tiltak som reduserer barrierar for deltaking (økonomiske, kulturelle eller sosiale barrierar) 
  • tiltak med stor grad av medverknad frå målgruppene 
  • tilskot til utvikling og utprøving av nye aktivitetar 
  • aktivitetar på tvers av dei prioriterte målgruppene 
  • tiltak som når personar med fleire minoritetsstatusar, eller representerer fleire av målgruppene med ekstra innsats 
  • aktivitetar som tar i bruk ABC-modellen og er med på å synleggjere ABC for god psykisk helse i Vestland 
  • tiltak med samarbeid på tvers av kommunar  og organisasjonar i fylket  
  • tiltak som har motteke tilskot frå denne ordninga tre år vil ikkje bli prioritert  

Dette støttar vi ikkje

  • ordinær drift 
  • investeringar, utvidingar og/eller omorganisering av eksisterande verksemd 
  • kommersielle aktørar/aktivitetar 
  • investeringar som kvalifiserer til spelemidlar og andre statlege ordningar 

Alle søkarar skal bruke nettbasert skjema. Søknaden må vere sendt på rett måte innan søknadsfristen. Søkar må oppgi kontaktinformasjon som namn, adresse, telefonnummer og organisasjonsnummer, eventuelt personnummer.

  • Søknaden skal innehalde ei skildring av kva det blir søkt støtte til. Eventuelle samarbeidspartnarar må kome tydeleg fram i søknaden.  

Fylkeskommunen vurderer søknader som fyller vilkåra og formålet til ordninga. I vurderinga legg vi mellom anna vekt på

  • i kva grad det har vore medverknad frå målgruppa i utvikling og gjennomføringa av tiltaket 
  • i kva grad det er samarbeid med andre aktørar (kommunar og organisasjonar) 
  • i kva grad tiltaket bygger ny kompetanse, og om det har overføringsverdi 
  • variasjon i tilbod og aktivitetar 
  • aktivitetar som er med på å synleggjere ABC for god psykisk helse i Vestland 

Fylkeskommunen fastset støttebeløpet innanfor dei økonomiske rammene som er sett av til ordninga i budsjettet. Tilskotet kan ikkje vere høgare enn 300000 kr.

Vestland fylkeskommune fullfinansierer ikkje prosjekt. Søkar må derfor legge inn andre finansieringskjelder i budsjettet, og desse må utgjere minst 30 prosent av dei totale prosjektkostnadeneDugnad kan reknast som eigenfinansiering, med ein timesats på inntil 300 kr. 

Vestland fylkeskommune legg forvaltningslova til grunn for all søknadsbehandling. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova.

Avdeling for kultur og folkehelse førebur sakene før dei blir politisk behandla og vedtekne i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. 

Fylkeskommunen gjer enkeltvedtak i kvar søknad. Vedtak om tilskot eller avslag skal grunngjevast, i tråd med forvaltningslova. Søknadene skal vanlegvis bli behandla innan tre månader etter søknadsfristen.  

Du kan klage på enkeltvedtak som fylkeskommunen har gjort, i tråd med forvaltningslova § 28 andre ledd. Klagefristen er tre veker og blir rekna frå den du fekk melding om vedtaket.  

 Klagenemnda i fylkeskommunen behandlar klaga. I klaga må du skrive kva vedtak du klagar på, kvifor du meiner vedtaket er feil, og kva du ønskjer endra. Du sender klaga til Vestland fylkeskommune.  

Tilskotet skal brukast slik det står i retningslinjene og i vedtaket om tilskot. Prosjektet skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som er oppgitt i søknaden. Dersom det skjer vesentlege endringar i prosjektet, må tilskotsmottakaren melde frå skriftleg til saksbehandlar for vurdering og godkjenning.

Tilskotsmottakar skal levere rapport om bruken av tilskotet til fylkeskommunen når prosjektet er avslutta. Fylkeskommunen kan og krevje rapport undervegs. Rapporten skal innehalde rekneskap for prosjektet og annan informasjon som er nødvendig for at fylkeskommunen kan kontrollere bruken av midlane og oppfylle sine plikter.

Fylkeskommunen kontrollerer at tilskotet er brukt i tråd med føresetnadene, basert på ei vurdering av risiko og vesentlegheit. Tilskotsmottakar skal gi alle nødvendige opplysningar dersom fylkeskommunen ber om det.

Fylkeskommunen kan krevje heile eller delar av tilskotet tilbake dersom det er utbetalt tilskot i strid med retningslinjene, eller om tilskotet ikkje er nytta i samsvar med føresetnadene for tildelinga.