Tilskot til etablering og utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod
Kommunar kan søke om støtte til etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings eller meistringstilbod for 2025.
Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings- eller meistringstilbod.
Føremål med ordninga
Tilskotsordninga skal støtte kommunane sitt arbeid med å å fremje helse og livskvalitet, førebyggje sjukdom, tidleg intervensjon, og til at målgruppene lærer å meistre livet med sjukdom. Ordninga skal støtte opp om arbeid med å skape like moglegheiter til å delta i verdiskaping.
Dei kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilboda skal sørge for førebyggjande og helsefremjande tenester av god kvalitet, og vere ein samarbeidspartner i kommunen sitt folkehelsearbeid. Les meir om Frisklivssentralane si rolle i Helsedirektoratet sin rettleiar.
Søknadsfrist
Søknadsfrist 1. mars 2025
Kva kan du få støtte til:
- Etablering eller utvikling av kommunale frisklivssentral eller liknande tenestetilbod
- Etablering eller utvikling av frisklivs-, lærings- eller meistringstilbod
Kven kan søkje
Kommunar i Vestland fylke
Vi prioriterer desse tiltaka og prosjekta
- Søknadar som er i tråd med nasjonale tildelingskriterium og prioriteringar
- Søknadar som omfattar etablering av frisklivsentral el. liknande tilbod i kommunen
- Tiltak eller tilbod med interkommunalt samarbeid
- Søknadar som skisserer utvikling av tilbod og prosjekt som møter lokale behov og utfordringar i kommunen sitt kunnskapsgrunnlag. Til dømes i folkehelseoversikta
- Kommunar som ikkje har fått tildeling frå ordninga dei siste tre åra
Fylkeskommunen vil bruke ovannemnde prioriteringslise, samt eigenandel i søknad, når vi vurderer og fordeler støtteverdige søknadar.
Sjå Helsedirektoratet sine nettsider for meir informasjon.
Krav til søknad
- Søknaden må følge det nasjonale regelverket for tilskotsordninga, kapittel 5, sjå Helsedirektoratet sine sider
- For kommunar som søkjer om etablering av frisklivssentral skal søknad underteiknast av kommunedirektør eller den som har delegert mynde. For allereie etablerte frisklivssentralar skal søknad underteiknast av styreleiar eller den som har delegert mynde.
- Søknad skal sendast inn ved bruk av elektronisk søknadsskjema. Teksten som søkjaren må fylle ut i kvar kategori skal skrivast kort og konkret. Meir informasjon kan eventuelt utdjupast som vedlegg i søknaden.
- Søknad må vise til eigenandel.
Søknadar i tråd med regelverk og vilkår for tildeling kan likevel få avkorting eller avslag på søknad dersom totalt søknadsbeløp frå støtteverdige søknadar overgår total ramme for støtteordninga. Tilskot til same føremål/prosjekt kan ikkje få tildeling over meir enn tre år.
Andre aktuelle ressurser
Sakshandsaming og vedtak
Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune.
Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatakgjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl.
Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Handsaming av kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå
fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast.
Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.
Oppfølging og rapportering
Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev, og følger det nasjonale regelverket knytt til kapittel 6: Rapportering fra tilskuddsmottaker skal inneholde. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte. Tilskotsmottakar pliktar seg til å dele erfaringar med andre aktørar i ulike samanhengar. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som
føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
Klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3– veker. Fristen vart rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.
Ei eventuell klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til klage og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klage kan sendast til Vestland fylkeskommune.