ABC for god psykisk helse
ABC er ein nasjonal folkehelsekampanje som skal fremje god psykisk helse i heile befolkninga.
Vi bygger helsa vår gjennom alt som gir god livskvalitet, glede, meistring og meining i kvardagen. ABC-modellen (act, belong, commit) er eit kunnskapsbasert rammeverk som syner at det å vere aktiv, inngå i sosiale fellesskap, og gjere ting ein synest er meiningsfulle, styrkar livskvaliteten og den psykiske helsa.
ABC Vestland
"ABC Vestland - sterkare saman" skal bidra til regional og lokal implementering av ABC-modellen og inspirera folk til å ta aktive val for si eiga og andre si psykiske helse. Prosjektet er støtta av Helsedirektoratet og det er eit mål at moglegheitene for helsefremmande aktivitet blir styrka og synleggjort lokalt gjennom eit samarbeid med fylkeskommunen, kommunar og organisasjonar.
ABC Vestland har tre hovudmål:
- Implementere, forankre og gjere ABC kjent i nettverk, for organisasjonar, kommunar og andre aktørar fylkeskommunen samhandlar med, og nå ut til heile Vestland.
- Stimulere fylkeskommunen, kommunar, organisasjonar og andre aktørar i Vestland til å ta ABC inn i eigen kontekst og organisasjon mellom anna gjennom tilskot.
- Utvikle eksisterande og nye arenaer, og nå ut til nye aktørar på etablerte arenaer, for å fremje aktivitet, tilhøyrsle, meining og engasjement.
Les meir om den nasjonale kampanjen på Helsedirektoratets nettside.
Kva er ABC?
ABC, som står for ACT – BELONG – COMMIT, er ei felles forståing- og arbeidsramme for å fremje god psykisk helse i praksis. Det handlar om å gjere noko aktivt, gjere noko saman med andre og gjere noko meiningsfullt.
Modellen vart utvikla av forskingsmiljø i Australia og Danmark og forma vidare i Noreg av mellom anna Norsk HPH (Health Promoting Hospitals) ved Akershus Universitetssjukehus.
ACT - gjere noko aktivt
Viss du held deg aktiv, vil du kjenna deg gladare. Det blir også lettare å handtera utfordringane i kvardagen. Å vera i aktivitet byggjer og styrkjer den psykiske helsa di.
Kvifor verkar det?
Forsking viser at menneske som held seg fysisk, mentalt og sosialt aktive har betre mental sunnheit enn dei som ikkje gjer det. Når me held oss aktive, kjenner me oss gladare, og me handtera lettare dei
daglegdagse utfordringane. Dessutan kan det lindra psykiske lidingar som angst og depresjon.
BELONG - gjere noko saman
Når du er med på sosiale aktivitetar og byggjer gode relasjonar til andre, så gir det ei kjensle av å høyra til. Å vera ein del av fellesskapet gir støtte i kvardagen. Å gjera noko saman med andre byggjer
og styrkjer den psykiske helsa di.
Kvifor verkar det?
Det er avgjerande for den psykiske helsa vår at me har ei kjensle av å høyra til og å vera ein del av eit fellesskap. Når me involverer oss i sosiale aktivitetar aukar me sjansane for å bli kjende med nye menneske, og dermed bli ein del av eit fellesskap. Jo fleire gode sosiale relasjonar ein person har, desto betre vil han eller ho vera i stand til å klara dei utfordringane som livet rommar. I eit fellesskap er det lettare å få støtte.
COMMIT
Hold deg aktiv med noko som opplevast meiningsfylt for deg. Det kan vera å læra seg noko nytt, jobba mot eit mål, gjera noko for andre eller å bidra til ei god sak. Å gjera noko meiningsfylt styrkar den
psykiske helsa di.
Kvifor verkar det?
Å gi seg sjølv utfordringar, og å nå måla sine, sjølv dei små måla, gir ei kjensle av å ha utretta noko. Det gir også ei sterkare sjølvkjensle. Alt dette er viktig for at me skal ha god psykisk helse. På same måte har frivillig arbeid, ting ein gjer for å hjelpa andre og bidrag til fellesskapet ein positiv effekt på å gjera både seg sjølv og andre glade. Det aukar kjensla av meining og formål i livet.
Desse fekk støtte frå ABC i 2025
Austrheim kommune
Prosjekt: Inkludering – inspirasjon og informasjon i Austrheim
Sum: 30 000 kroner
Innhald: Opprette foreningsportal og kulturforum, arrangere samhandlingsdag for frivillige, internasjonal matfest og inspirasjonsdag for ungdom.
Askøy kommune
Prosjekt: Opne møteplassar og aktivitetar med Psykiatrialliansen og Origo
Sum: 150 000 kroner
Innhald: Gratis aktivitetar og møteplassar for personar med psykiske utfordringar og rusproblem. Transporthjelp ved behov
Askøy kommune
Prosjekt: Bibliotek – systove
Sum: 20 000 kroner
Innhald: Syfellesskap for folk i ulike aldrar. Enkle kurs og faste treff der deltakarane kan sy og bli kjende.
Bergen kommune
Prosjekt: ABC for god psykisk helse i Bergen
Sum: 450 000 kroner
Innhald: Deling av kunnskap om psykisk helse gjennom brosjyrar, samarbeid med Nasjonalt senter for aldring og helse og auka deltaking i eksisterande tilbod.
Bergen og Hordaland turlag
Prosjekt: Utvikle eit frivilligprogram for å inkludere fleire i frivillig arbeid
Sum: 105 000 kroner
Innhald: Treårig program for å rekruttere frivillige med fleirkulturell bakgrunn og funksjonsnedsetjingar.
Bømlo kommune
Prosjekt: Me høyre te – senior
Sum: 120 000 kroner
Innhald: Varierte tilbod for innbyggjarar over 65 år i samarbeid med frivillige organisasjonar.
Fedje kommune
Prosjekt: Prosjekt ABC - for god psykisk helse. Implementering av modellen i Fedje kommune
Sum: 75 000 kroner
Innhald: Vidareutvikle aktivitetar som turar, matlaging og spel. Retta mot nytilflytta, særleg ukrainarar.
Gulen kommune
Prosjekt: ABC for god psykisk helse i Gulen kommune
Sum: 80 000 kroner
Innhald: Vekentlege styrke- og balanseøvingar på dagtid for personar som står utanfor arbeidslivet.
Hordaland Røde Kors
Prosjekt: Inkludering i og gjennom frivilligheita
Sum: 200 000 kroner
Innhald: Betre psykisk helse blant migrantar gjennom ABC-modellen, sosiale møteplassar og rekruttering av frivillige med innvandrarbakgrunn.
Hordaland Røde Kors
Prosjekt: Testing av ABC-materiale i Hordaland Røde Kors besøksteneste
Sum: 15 000 kroner
Innhald: Auke kunnskap om ABC-modellen blant frivillige i besøkstenesta og i pilotprosjektet Sosial Resept.
Hordaland Røde Kors
Prosjekt: Røde Kors Ungdom Hordaland og ung-til-ung med ABC / Psykt vanlig
Sum: 180 000 kroner
Innhald: Aktivitetar (turar, leik, verkstader) og opplæring i mental helse for deltakarar i alderen 13–30 år, med særleg vekt på sårbar ungdom.
Idrett Bergen sør
Prosjekt: Utrustet student
Sum: 90 000 kroner
Innhald: Varierte tilbod for studentar i Bergen med psykiske utfordringar.
Joy Norge
Prosjekt: Eldre og unge - SAMMEN
Sum: 180 000 kroner
Innhald: Faste samlingar for ungdom og eldre på sjukehjem med bingo, quiz, allsang og anna sosialt samvær.
Kvam herad
Prosjekt: Samhandlingskraft
Sum: 150 000 kroner
Innhald: Dugnadsbaserte aktivitetar i samarbeid med utstyrssentralen BUA og kulturskulen. Praktiske oppgåver, reparasjonsarbeid og felles måltid for vaksne i risiko for utanforskap.
Luster kommune
Prosjekt: Implementering av ABC-metoden i ungdomsarbeid
Sum: 100 000 kroner
Innhald: Tilbod for ungdom (10–19 år) som kurs i stressmeistring, kreative verkstadar (perling, sying, måling) og gratis ferieaktivitetar.
Samnanger kommune
Prosjekt: ABC for god psykisk helse i Samnanger
Sum: 50 000 kroner
Innhald: Innføre ABC-modellen gjennom marknadsføring, føredrag og utstillingar. Særleg retta mot flyktningar og personar utanfor arbeidslivet.
Skeiv Verden Vest
Prosjekt: Trivsel og tilhøyrsle – aktivitetstiltak for skeive i Vestland
Sum: 75 000 kroner
Innhald: Sosiale aktivitetar og verkstadar for skeive med minoritetsbakgrunn. I samarbeid med Fri Vestland og Regnbuedagene.
Sogndal kommune
Prosjekt: Beatbox – ein musikalsk møteplass
Sum: 75 000 kroner
Innhald: Musikk, samspel, enkel servering og transport for ungdom og unge vaksne i Sogndal og Luster.
Solund kommune
Prosjekt: Bli med!
Sum: 75 000 kroner
Innhald: Auke deltaking i aktivitetar gjennom transportstøtte og omsetjing av informasjon. Målgruppa er eldre, unge vaksne og minoritetar.
Stryn kommune
Prosjekt: ABC i Stryn: Samhandling for god psykisk helse
Sum: 150 000 kroner
Innhald: Vidareutvikle tilbod som fellesmiddagar, opne idrettsanlegg og Husker-du-kor. Møteplassar for alle aldrar og minoritetar.
Stord kommune
Prosjekt: Biblioteket – di andre stove
Sum: 15 000 kroner
Innhald: Rekruttere frivillige vertar til språkkafé og marknadsføre «Litterært pusterom» for eldre.
Sunnfjord kommune
Prosjekt: «Gjer noko aktivt, saman og meiningsfullt – ABC i Sunnfjord»
Sum: 250 000 kroner
Innhald: Etablere møteplassar som folkeverkstad og nærmiljøhagar med gratis transport og mat.
Vestland Bedriftsidrettskrins
Prosjekt: Meiningsfull aktivitet og sosialt samver på tvers av generasjonar
Sum: 80 000 kroner
Innhald: Aktivitetar for ulike målgrupper, som ungdomstyrt trening for seniorar, open hall for studentar, erteposekasting for ungdom, minoritetar og eldre.
Vital Assistanse
Prosjekt: Aktivitetar og møteplassar for eldre
Sum: 100 000 kroner
Innhald: Faste aktivitetar som «Husker du?», musikkinnslag og dagsturar. Særleg for einslege og dei som treng ekstra støtte for å kome seg ut.
Voss herad
Prosjekt: Aktivitetsdagar for born og ungdom
Sum: 60 000 kroner
Innhald: Vidareføre aktivitetsdag for familiar og starte opp prosjektet «Ungdom på ski» for sårbar ungdom i alderen 12–19 år.
Voss herad
Prosjekt: ABC for god psykisk helse
Sum: 75 000 kroner
Innhald: Utvikle frisklivs- og meistringstilbod for elevar (8.–10. trinn) og tilsette i grunnskulen. Kurs i stressmeistring og fysisk aktivitet.
Øygarden kommune
Prosjekt: Kunstkafé
Sum: 50 000 kroner
Innhald: Vidareføre kunstkurs for ungdom og vaksne med utfordringar knytt til rus og psykiatri.