Masterstipend - program for folkehelsearbeid i Vestland
Stipendordninga gjeld studentar som vil skrive masteroppgåve knytt til program for folkehelsearbeid i kommunane, og har fått midlar frå Vestland fylkeskommune. Stipenda skal nyttast til masteroppgåver relevant for prosjekta i folkehelseprogrammet i Vestland.
Programarbeidet skal bidra til utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verkty for å fremme livskvalitet og psykisk helse hos barn og unge. Sentrale tema for oppgåva kan vere tiltaksutvikling i skule og andre arenaer, medverknadsprosessar/mobiliseringsprosessar og samarbeidsformer.
Les meir om tilskot til program for folkehelsearbeid i Vestland her.
Målgruppe for stipend og slik søkjer du
Målgruppa er studentar frå Høgskolen på Vestlandet og Universitetet i Bergen, og som har rettleiing i desse miljøa. Vi ber om at søkjar tek kontakt med eiga utdanningsmiljø or vurdering av om prosjekt-ide har relevans for prosjektet før søknad vert utforma. Søknaden skal innehalde ein prosjektskildring på 3-5 sider godkjent av vegleiar ved Høgskulen på Vestlandet eller Universitetet i Bergen.
Kontakt så fylkeskommunen for utforming av søknad når godkjent prosjektskildring er klar.
Vurdering av søknadar og rammeverk
Søknadane vil bli vurderte fortlaupande i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, utdanningsmiljø, og relevant prosjektkommunane i programmet. Storleik på stipendet vil vurdert etter planlagt realistisk kostnadsramme. Det er sett av stipendmidlar til inntil kr 15 000,- pr. stipend.
Masteroppgåva må vere relevant knytt til måla i programarbeidet, bringe fram ny kunnskap samstundes som resultata må ha verdi for ulike samarbeidspartar. Det er ønskjeleg at tema for masteroppgåvene vert spreidde mellom programkommunane. Geografisk spreiing av stipenda vil verte vurdert om fleire studentar ønskjer å bruke informantar/materiale frå same kommune.