Verktøy for folkehelseoversikt i kommunane

For å hjelpe kommunane med det lovpålagde oversiktsarbeidet, har Vestland fylkeskommune samla nyttig informasjon og utarbeidd eit verktøy for folkehelseoversikt i kommuane.

Slik får du eit godt oversiktsdokument

For å få eit godt oversiktsdokument har Vestland fylkeskommune 6 gode råd.

Tips nr. 1: Bruk rettleiaren til Helsedirektoratet 

«Systematiske folkehelsearbeid – veileder til lov og forskift».

Tips nr. 2: Evaluerer eksisterande folkehelseoversikt

Ta utgangspunkt i kunnskap kommunen allereie har. Gir oversikta eit realistisk og riktig bilde av situasjonen i kommunen? Kva folkehelseutfordringane har kommunen identifisert tidlegare, og har ein grunn til å tru at disse har endra seg? Korleis er utviklinga i kommunen over tid?  

Tips nr. 3: Fokuser på formålet 

Kva skal oversikta brukast til? Korleis får de ei god oversikt som faktisk blir brukt? Korleis kan oversikta bidra til at kommunen kan ivareta sine oppgåver etter folkehelseloven?  Hugs at oversikta skal identifisere folkehelseutfordringar i kommunen og gje ei fagleg prioritering av kva utfordringar som er viktige for kommunen å ta tak i.  

Tips nr. 4: Ta stilling til kva kommunen har behov for å vite noko om 

Hald fokus på kva som trengs av informasjon, framfor kva som finst av informasjon.

Tips nr. 5: Bruk nasjonalt og regionalt arbeid 

Folkehelse- og oppvekstsprofilane, Helsedirektoratet sin sektorrapport, folkehelseinstituttet sin folkehelserapport og folkehelseoversikta for Vestland er gode kunnskapskjelder. Er det områder der kommunen skjel seg frå regionale og nasjonale utfordringar?

Tips nr. 6: Dokumenter prosessen 

Korleis er helseoversikta utarbeida? Korleis har ein komme frem til det ein har komme frem til? Det kan vere nyttig for andre å vite og viktig for de som skal oppdatere oversikta neste gong om 4 år.

Finn fram i informasjonsjungelen

Det er krevjande å velje ut relevant informasjon. Målet med fylkeskommunen sitt verktøy er hjelp til å ikkje "å gå seg vill" i informasjonsjungelen. Med klårt definerte spørsmål som utgangspunkt, blir det lettare å velje ut informasjonen som trengs.

Bak kvart av temaboksene (A-F) på denne nedsida finn du spørsmål, og forslag til statistikkresursar og lokale kjelder av særskilt relevans for nettopp dette temaet.

Kommuner er ulike, så behovet for informasjon og oversikt vil variere. Det er lokale behov som skal være førande for kva for nokre og kor mange indikatorar som skal vere med i oversikta.

Dei ulike datakjeldane gir ulik type av informasjon og dei utfyller kvarandre. Kombinasjonen av statistikk og lokale erfaringar (kvalitativ og kvantitativ informasjon) er naudsynt for å få en god oversikt over helsetilstanden.