E - Helserelatert åtferd
Kva helserelatert åtferd har innbyggarane i kommunen?
Spørsmåla er:
- Korleis lever folka liva sine?
- Kva gjer kommunen for å legge til rette for sunne levevanar?
Åtferda vår påverkar helsa. Helseåtferd og -val heng tett saman med sosiale tilhøve, nærmiljø og politiske føringar. Korleis kommunen arbeider for å sørge for gode rammevilkår for befolkninga, påverkar befolkninga sine helseval. Det er viktig å følgje med på sosiale skilnadar i kosthald, fysisk aktivitet, bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel.
Statistikkressursar
Klikk her for å sjå liste med statistikkressursar
Lokale kjelder
- leiing og tilsette i barnehage, skule og SFO - også i vidaregåande
- helsetenestene: rus, psykiatri og andre
- helsestasjon
- helse- og omsorgssektoren
- representantar for pårørande
- foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
- elevråd og ungdomsråd
- råd for menneske med nedsett funsjonsevne
- eldreråd
- innvandrarråd
- kulturavdelinga
- lokale organisasjonar: frivillige og andre
- tannklinikken
- næringsavdelinga
- planleggjarar
- politi