B - Oppvekst og levekårsforhold

Korleis er oppvekst- og levekårsforholda i kommunen?

Spørsmåla er:

  • Korleis er det å gå i barnehage og på skule i kommunen?
  • Korleis er det å arbeide her? 
  • Korleis er det å bu her? 
  • Korleis er dei økonomiske forholda, og i kva grad er det skilnader? 

Grunnlaget for framtidig helse blir lagt frå dei første åra i livet. Barnehage og skule er ein viktig oppvekstarena med stor verknad på folkehelsa. 

Hjå vaksne kan arbeidsplassen vere ein arena for personleg utvikling og sosialt fellesskap, men arbeidsplassen kan og vere ein arena for slitasje, risiko for ulukker og stress. 

Butilhøve som inneklima, storleik, plassering og utemiljø påverkar helsa. I kva grad innbyggarane eig eller leiger bustad, standard, nabolagsprofil, omfang av støy og tilgang på lys er faktorar som heng saman med helse. 

Det relative inntektsnivået i samfunnet har effekt på helsa og kan verke inn på opplevinga av eigenverd, helseåtferd, vonde kjensler, stress og konflikt. 

Statistikkressursar

Klikk her for å sjå liste med statistikkressursar

Lokale kjelder

Barnehage og skule

  • leiing og tilsette i barnehage og skule 
  • elevråd og ungdomsråd 
  • helsesjukepleier, PPT og barnevern 
  • foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval 
  • kommuneoverlege (miljøretta helsevern) 
  • frivillige organisasjonar (til dømes leksehjelp, psykisk helsehjelp) 
  • fritidsklubbar og idrettslag 

Arbeid

  • NAV 
  • tillitsvalde/verneombod 
  • lokalt næringsliv 
  • råd for menneske med nedsett funksjonsevne 

Bustad

  • NAV 
  • råd for menneske med nedsett funksjonsevne 
  • eldreråd 
  • leigetakarorganisasjon 
  • planleggjar 
  • kommuneoverlege (miljøretta helsevern) 
  • bustadkonsulentar, og andre som jobbar med busetting av innvandrarar 

Økonomiske forholda

  • NAV 
  • helsestasjon 
  • ungdomsråd 
  • eldreråd 
  • frivillige organisasjonar