Lovgrunnlag og nasjonale føringar
Folkehelsearbeidet i Vestland legg aktuelle lover og føringar til grunn. Les meir om desse her.
Lovverk
Ulike lover legg føringar for folkehelsearbeidet. Tre lover er særs viktige for det regionale og lokale folkehelsearbeidet:
Formålet er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og jamnar ut sosiale helseskilnadar. Folkehelsearbeidet skal fremje helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Lova skal sikre at kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar set i verk tiltak og samordnar folkehelsearbeidet.
Hovudformålet i plan- og bygningslova er å fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar. Lova krev at all planlegging skal fremje befolkninga si helse, utjamne sosiale helseskilnadar og førebyggje kriminalitet.
Målet for lova er å fremje likestilling og likeverd, sikre like moglegheiter. Lova viser til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og å hindre diskriminering på grunn av nokon som helst vesentlege forhold ved ein person.
Nasjonale føringar
Mange offentlege meldingar og planar legg ulike føringar for folkehelsearbeidet. Her nemner vi dei mest sentrale stortingsmeldingane og handlingsplanane:
- Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga — Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Meldinga er regjeringas strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar.
- Meld. St. nr. 19 (2018-2019) Folkehelsemeldinga - Gode liv i eit trygt samfunn: Meldinga løftar fram tidleg innsats for barn og unge, førebyggjng av einsemd og mindre sosial ulikskap i helse som prioriterte satsingsområde.
- Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 (pdf): Regjeringen sine forventningar til fylka og kommunane sitt arbeid med planstrategiar og planar.
- Systematisk folkehelsearbeid - Veileder til lov og forskrift: Nasjonal rettleiar for folkehelsearbeid, med skildring av det systematiske folkehelsearbeidet steg for steg, forklaring av paragrafar frå folkehelselova og gode døme frå kommunar.
- Handlingsplanen «Noreg universelt utforma 2025» (pdf): Støttar opp under gjennomføringa av universell utforming.