Folkehelseundersøkinga 2026
I april 2026 får eit utval av innbyggjarar i Vestland over 18 år invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Undersøkinga er nettbasert, og dei som er plukka ut, får invitasjon og innlogging på SMS eller e-post.
Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune. Resultata vil syne korleis det står til med helse, trivsel og livskvalitet hjå den vaksne befolkninga i Vestland. Det er nyttige data for både kommunane og fylkeskommunen.
Kva spør vi om?
Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold som påverkar helse og livskvalitet innan desse temaa:
- nærmiljø og bustadforhold
- levevanar
- sosial støtte og livskvalitet
- fysisk og psykisk helse
Du kan lese meir om folkehelseundersøkinga på nettsida til Folkehelseinstituttet.
Det er trygt å svare
Vi tek vare på personvernet ditt. Svara frå undersøkinga blir oppbevart og behandla etter gjeldande reglar om personvern. Det blir ikkje mogleg å kjenne att enkeltpersonar i statistikk.
Informasjonsmateriell til kommunane
Vestland fylkeskommune er i gang med å lage informasjonsmateriale som kommunane kan nytte ut mot innbyggjarane sine. Meir informasjon om dette etter kvart.
Spørsmål og svar
Når blir undersøkinga for Vestland sendt ut?
Undersøkinga i Vestland startar torsdag 16. april og går fram til xx. mai 2026 (dato kjem).
Korleis kan eg delta?
Folkehelseundersøkinga 2026 går ut til eit utval av innbyggjarane i Vestland over 18 år. Berre dei som får invitasjon på e-post eller SMS kan svare.
Kva er føremålet med undersøkinga?
Folkehelseundersøkingane gir ny og unik lokal kunnskap om korleis innbyggjarane sjølve opplever eigen livskvalitet, trivsel og helse. Spørsmåla handlar om ulike forhold som har betydning for folkehelsa: nærmiljøet, mobilitet, arbeid, bustad, tilgjengelegheit, skadar og levevaner. Dette er viktig kunnskap for fylkeskommunen og kommunane når vi skal planlegge og utvikle gode lokalsamfunn og meir relevante tenester og tiltak for befolkninga.
Kunnskap og statistikk frå undersøkinga blir delt med politikarar og tilsette i kommunar, fylkeskommunen og forskarar. Frivillige organisasjonar, lag og foreiningar vil også kunne ha nytte av resultata.
Fylkeskommunen har også ansvaret for å halde oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar i fylket etter folkehelselova § 21 og forskrift om oversikt over folkehelsa. Folkehelseundersøkingar som dette er eit verktøy til å halde oversikt.
Det er frivillig å delta, men vi oppmodar alle som blir inviterte, til å svare på undersøkinga. Svara dine gir verdifull kunnskap til kommunen din.
Korleis vert deltakarane valde ut?
Deltakarane blir trekte tilfeldig frå folkeregisteret.
Kvifor er undersøkinga berre for dei over 18 år?
Vi har allereie eit godt kunnskapsgrunnlag for barn og unge gjennom undersøkinga Ungdata. Ungdata er ei barne- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Ungdata-undersøkinga blir gjennomført kvart tredje til fjerde år og vart sist gjennomført i Vestland i 2024.
I tillegg har Vestland fylkeskommune i samarbeid med Bergen kommune gjennomført undersøkinga Barnefamiliepanelet i fjor. Denne vart sendt ut til alle barnefamiliar i fylket i mai 2025.
Korleis blir opplysningane mine behandla?
Opplysningane deltakarane gir blir behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern . Det gjeld alle som får tilgang til dei innsamla opplysningane. Det er strengt regulert kven som får tilgang til opplysningane, og kva opplysningar dei ulike får tilgang til.
Kva gjer eg om eg har svart på undersøkinga, men ønskjer å trekke svaret mitt?
Dersom du ombestemmer deg etter å ha svart på undersøkinga, kan du svare på e-posten du fekk med invitasjon til å delta i undersøkinga, og skrive at du ønskjer å trekke svaret ditt.
Du kan også ta kontakt med personvernombodet til Folkehelseinstituttet.