Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022

Korleis står det til med helse, trivsel og livskvalitet i Vestland? Dine svar er viktige!

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

 

Undersøkinga er no avslutta og det er ikkje mogleg å logge inn for å svare.

Dette er folkehelseundersøkinga

Korleis står det til med helse, trivsel og livskvalitet blant innbyggjarane i Vestland?

Våren 2022 gjennomfører Vestland fylkeskommune saman med Folkehelseinstituttet ei større folkehelseundersøking i alle kommunane i Vestland fylke. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å betre folkehelsa og skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga blir sendt ut 20. april til om lag 160 000 innbyggjarar over 18 år i Vestland. I dei minste kommunane vil alle i den vaksne befolkninga bli spurde. 

Kva spør vi om?

Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold som har betydning for folkehelsa.

Dette er tema vi spør om:

  • nærmiljøet og kommunen
  • helse og helserelaterte levevanar
  • sosial støtte og livskvalitet
  • skadar og fysisk miljø
  • transportvanar
  • demografiske opplysningar

Vi tek vare på personvernet ditt

Svara frå undersøkinga blir oppbevart og behandla etter gjeldande reglar om personvern. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att enkeltpersonar i statistikk.

Spørsmål og svar

Folkehelseundersøkinga i Vestland er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune.

Undersøkinga vil vere nyttig for alle kommunar i Vestland. Kommunane vert difor oppmoda til å mobilisere og engasjere eigne innbyggjarar til å delta.

Folkehelseundersøkinga vil gje ny og unik lokal kunnskap om korleis innbyggarane sjølv opplev sin eigen livskvalitet, trivsel og helse. Dette er viktig kunnskap for fylkeskommunen og kommunane når vi skal planlegge og utvikle gode lokalsamfunn og meir relevante tenester og tiltak for befolkninga.

Kunnskap og statistikk for undersøkinga vil delast med politikarar og tilsette i kommunar, fylkeskommunen og forskarar. Frivillige organisasjonar, lag og foreiningar vil også kunne ha nytte av resultata.

Fylkeskommunen har også ansvaret for å halde oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar i fylket etter Folkehelseloven §21 og forskrift om oversikt over folkehelsa. Folkehelseundersøkingar som dette er eit verktøy til å halde oversikt.

Det er frivillig å delta, men vi oppmodar alle som blir invitert til å svare på undersøkinga.

Du kan svare på e-posten du fekk med invitasjon til å delta i undersøkinga, og skrive at du ikkje ønskjer å delta. Du vil då bli fjerna frå lista.

Merk at sjølv om du skriv at du ikkje ønskjer fleire påminningar, kan det vere at meldinga kjem for seint, slik at FHI dessverre ikkje rekk å fjerne deg frå lista før påminninga går ut.

Spørsmåla handlar om korleis innbyggjarane opplev eigen livskvalitet, helse og trivsel.

I spørjeskjemaet er det blant anna spørsmål om trivsel i nærmiljøet, tilgang til ulike fasilitetar, sosial støtte og deltaking i sosiale aktivitetar, fysisk aktivitet, søvnvanar, vurdering av eigen helse, tannhelse, psykisk helse, skadar, kosthald, tobakk, alkohol, støy og livskvalitet.

Spørjeskjemaet er tilgjengeleg på nynorsk og bokmål, men dessverre ikkje på andre språk.

Ideelt sett hadde vi ønska at spørjeskjemaet var tilgjengeleg på mange ulike språk. Folkehelseinstituttet har vurdert moglegheiter, ressursbruk og risiko for at resultata frå undersøkinga vil bli påverka av omsetting til ulike språk.

Det er ein forholdsvis stor og ressurskrevjande jobb å omsette eit spørjeskjema til fleire ulike språk, og samstundes sørgje for at innhald og forståing av spørsmål ikkje vert endra.

Det har tidlegare vore gjort forsøk på å omsette skjemaet til engelsk, men dette blei nytta av svært få personar. Skjemaet er difor per i dag berre tilgjengeleg på nynorsk og bokmål.

Deltakarane blir trekte tilfeldig frå Folkeregisteret.

Vi hentar e-post og mobilnummer frå kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Vi har allereie eit godt kunnskapsgrunnlag for barn og unge gjennom undersøkinga Ungdata. Ungdata er ei barne- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Ungdataundersøkinga blir gjennomført kvart tredje til fjerde år. Ungdata blei gjennomført i Vestland våren 2021.

I tillegg vil Vestland fylkeskommune i samarbeid med Bergen kommune sende ut eit spørjeskjema til alle barnefamiliar i fylket i løpet av mai.

Undersøkinga går ut 20. april 2022 og er tilgjengeleg fram til 9. mai 2022.

Opplysningar som deltakarane gir blir behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern (sjå lenke under). Dette gjeld alle som får tilgang til dei innsamla opplysningane. Det er strengt regulert kven som får tilgang til opplysningane og kva opplysningar det gis tilgang til.

Alle opplysningar blir behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar.

Resultata blir publisert på gruppenivå og aldri på individnivå. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne igjen enkeltpersonar som har svar på undersøkinga i statistikk eller forsking. Bustadkommunen vil kunne få anonyme datafiler frå undersøkinga for vidare analysar etter innvilga søknad til Folkehelseinstituttet.

Fylkeskommunen vil få anonyme datafiler for vidare analysar. Direkte gjenkjennande opplysningar vil vere fjerna (namn, fødselsnummer, adresse).

Det kan vere aktuelt for Folkehelseinstituttet og fylkeskommunen å hente inn opplysningar frå andre kjelder og samanstille med mottatte svar. Dette er til dømes opplysningar om hushald, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt, helse og geografisk område på lågare nivå (grunnkretsar). Slike data vil då bli henta frå register i Statistisk sentralbyrå (SSB). Formålet kan vere både kvalitetskontroll og framstilling av gode analysar/vidare forsking.

Les meir om korleis personopplysningar vert behandla på FHI sine nettsider: Personvern og helsedata - FHI

Dersom du ombestemmer deg etter å ha svart på undersøkinga kan du svare på e-posten du fekk med invitasjon til å delta i undersøkinga, og skrive at du ønskjer å trekke ditt svar.

Du kan også ta kontakt med personvernombodet ved FHI.

Her finn du meir informasjon om innsyn i, retting og sletting av helseopplysningar: https://www.fhi.no/div/personvern/til-allmennheten/rett-til-informasjon-om-innsyn-i-og/

Nei. Etter at svara er samla inn vil det ikkje vere eit system for å formidle resultat direkte til dei som har deltatt.

Vestland fylkeskommune vil dele interessante resultat via nettsidene våre, på eige lanserringsseminar og andre stader det er aktuelt.

Kommunane vert også oppmoda til å dele resultat på sine nettsider/sosiale medium.

Blant dei som svarer på undersøkinga trekker vi ut

  • to tilfeldige personar som får kvart sitt gåvekort på kr 2500
  • ti tilfeldige personar som får kvart sitt gåvekort på kr 1000

Dette er to namn på den same undersøkinga. I folkehelselova og den tilhøyrande forskrifta står det om fylkeshelseundersøkingar. På FHI sine nettsider omtalast både folkehelseundersøkingar og fylkeshelseundersøkingar.

I Vestland har vi valt å bruke namnet folkehelseundersøking. Dette har vi gjort for å tydeleggjere at undersøkinga handlar om folkehelse - både helse, trivsel, sosiale forhald og livskvalitet er viktige deler av denne undersøkinga.

BankID og BankID på mobil blir brukt til å logge inn på nær sagt alle offentlege nettsider med høgaste sikkerheitsnivå. Gjennom bruk av BankID sørgjer vi for å ivareta ditt personvern.

BankID sikrar også at den som får invitasjon til å delta, også er den som svarar. Det er ein elektronisk signatur for samtykke til å delta i undersøkinga.

Det kan skuldast stort pågang. Lukk nettlesaren og prøv på nytt seinare.

Det kan også sjå ut som at noko utstyr kan gje feilmelding når folk skal logge på for å kome til skjemaet. Dette ser ut til å gjelde for iPhone 6 og nokre iPadar.

Det kan også henge saman med eldre operativsystem på PC eller nettlesar som blir brukt. Prøv i såfall ein annan nettlesar.

Med en digital undersøking kan vi invitere eit mykje større utval enn kva som hadde vore mogleg gjennom posten, og vi får dermed betre data totalt sett.

Avgrensingar i datamaterialet ved at undersøkinga berre er tilgjengeleg digitalt, og at vi dermed ikkje når alle deler av befolkninga, blir tatt høgde for i analysane.

Av tidlegare undersøkingar ser vi at svarprosenten er svært lav frå respondentar som treng spørjeskjema på papir (postalt) for å svare.

I undersøkingar som har vore postal har vi også sett liten til ingen forskjell i resultat for dei eldste aldersgruppene. I folkehelseundersøkinga som vart gjennomført i Hordaland i 2019 hadde vi eit utval som skulle følgast opp med telefonintervju. Det var svært vanskeleg å nå respondentar via telefon.

Ideelt sett skulle vi gjerne hatt postalt skjema også får å nå alle deler av befolkninga. Ut i frå ei vurdering om at dette er svært ressurskrevjande både i kostnadar og arbeid, samstundes som at ein forventar låg svarprosent ved postalt skjema, har vi i denne undersøkinga valt å berre ha digital gjennomføring.